Inga sak å bygge i Øygarden – eller?
– Dette gjer vi fordi vi trur det er viktig at begge sider forstår kvarandre sine behov i slike saker, seier Are Frøysland Grande, ny einingsleiar for arealforvaltning i kommunen. Leiarstillinga hans er også ansvarleg for byggesaksavdelinga.
– Som ny her i kommunen vil eg gjerne møta bransjen og få innspel til kor skoen trykkjer for deira del. Og så vil vi gjerne forklare kva nærlingslivet sjølv kan gjera for at byggesaker skal gli betre gjennom systemet. Vi mottar nemleg også mange byggesøknader som inneheld feil.
«Relativt lite» fornøgd
I spørjeundersøking til næringslivet i høve prosjektet «Næringsvennleg kommune» i 2023 svarte over 50 bedrifter frå bygg- og anleggsbransjen.
Tilbakemeldingane var:
- Den viktigaste saka for næringslivet er god handtering av byggesaker
- Tilfredsheita med byggesaksbehandlinga er «relativt låg»
- Etterlyste informasjonskanalar og møteplassar
I same undersøking svara tilsette i kommunen at tenester til næringslivet blei utøvd middels godt. Politikarane meinte i sine svar at handtering av plan- og bygningssaker var eit kjerneområde for forbetring.
– Vi må finne ut om det er lovkrava bransjen ikkje er fornøgd med, eller om det er behandlinga søknaden får i kommunen. Det første er det vanskeleg for oss å gjera noko med. Uansett er det flott om bransjen kjem på dette møtet, og blir med på dialogen, seier Frøysland Grande.
Starter «Handverkargruppa»
Etter det opne møtet i februar vil det bli sett saman ei ressursgruppe i Vest Næringsråd som skal følgje opp problemstillingar som kjem fram. Gruppa skal representera ulike delar av næringa og møte kommunen jamleg.
– Vi vil setta saman ei mindre gruppe som representerer bransjen, og som vil arbeida for å sikra betre og meir effektiv saksbehandling, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro i Vest Næringsråd.
Målet med ressursgruppa er:
- betre dialog og færre misforståingar
- meir komplette søknader, og dermed kortare handsamingstid
- tydelegare forventingar mellom kommunen og bransjen
- meir føreseieleg praktisering av regelverket
- rom for faglege drøftingar og forbetring
– Kommunen vil gjerne møta denne gruppa jamleg og bidra til god kommunikasjon der vi får konkrete utfordringar lagt på bordet. Dette trur vi vil gje betre kvalitet i søknadsgrunnlaga som kjem inn, og dermed betre saksgang, seier næringssjef Marianne Furheim.