Innspel til planprogrammet
Hald deg fast: Dette er altså planen for planen for planen. Planen for arbeidet med arealplanen til kommuneplanen.
Konkrete innspel til neste steg - arealplanen - kan ein komma med frå februar 2026. Og den endelege arealplanen skal vedtakast av kommunestyret våren 2027.
– Arealdelen til kommuneplanen er viktig for næringsutvikling. Derfor er det også mange i næringslivet som er opptatt av dette arbeidet. I Vest Næringsråd har vi organisert dette i ei ressursgruppe som har dette som tema. Og no er vi i den fasen der vi kan påvirka kva det skal jobbast med i planarbeidet. Ressursgruppa har difor utarbeida eit innspel som vi også håpar kan inspirera einskildbedrifter til å senda eigne merknader, seier Kari-Anne Landro, dagleg leiar i Vest Næringsråd.
Her er ei kortare oppsummering av innspelet vårt til planprogrammet:
Gjennomføringsstrategi
- Legg til gjennomføringsstrategi som sjette hovudtema.
- Sikre praktisk og økonomisk gjennomføring av tiltak, og unngå restriksjonar utover lovkrav.
- Start arbeidet med føresegnene tidleg og hald dei overordna.
Naturstrategien
- Fornuftig å definere kva natur som ikkje skal byggast ned, men unngå for rigide krav i område som vert definert for utbygging.
- Vekt samfunnsverdien av gjenbruk og fortetting høgare enn andre omsyn i etablerte område.
Klima- og miljøstrategien
- Grønstrukturkrav må ikkje føre til unødvendige inngrep eller kostnadsdrivande tiltak, ved til dømes utvikling, utviding og anna utnytting av eksisterande næringsareal.
- Bygging i aktsemdsområde berre etter risikovurdering og sikringstiltak.
- Legg til rette for lokal gjenvinning av massar utan plankrav som næringsområde. Sluttbruken må vera førande for plankrava.
Straume og sentera
- Straume skal styrkast som urbant og inkluderande senter. Det må sikrast god tilkomst og parkering, slik at senteret blir attraktivt for alle.
- Sikre kvalitet i dei ulike sentera, men kravbyrda må ikkje stoppe utvikling.
Lokalmiljø i bygdene
- Mindre verksemder i bygdene er ofte knytt til eigarens heim, så positivt at det vert lagt til rette for spreidd næring og bustader i bygdene.
- Reduser terskelen for plankrav ved små område.
Næringsutvikling
- Sikre nye og attraktive næringsareal, særleg langs Sotrasambandet.
- Legg til rette for fleksibel utnytting av eksisterande areal.
- Tilgang til sjø må bevarast som konkurransefortrinn.
Tidsplan og medverknad
- Stram tidsplan krev effektiv prosess og tidleg, tydeleg medverknad.
- Arbeidet med føresegnene må starte tidleg.