Sekkingstad er Årets bedrift
Bedrifta som juryen ønsker å løfte fram i 2025 har lange tradisjonar. Det er over 100 år sidan bedrifta vart etablert lokalt i Øygarden. Dei dreiv då med fiskebåtar, samt handel med hummar og vill-laks.
Bedrifta utvikla seg gjennom åra og på 60-talet var dei med på pionerarbeid, då dei satsa på oppdrett av regnbogeaure og seinare laks. Etter kvart vart sjølve oppdrettsdelen seld, for å satse fullt på prosessering og sal av laks. På 90-talet var det barnebarna til grunnleggaren som overtok drifta. Dei har tatt bedrifta vidare til å bli verdsleiande innan prosessering og handel med laks.
Ambisjonen deira er å vera i front på verdsbasis, i å levere den mest berekraftige laksen i marknaden. Hovudmåla er betre ressursutnytting og reduksjon av CO2-utslepp. Dagens eigar har vore pådrivar for «sirkulære Skaganeset».
Bedrifta har satsa på nyskaping og teknologiutvikling. Dei var blant anna ein av aktørane bak utviklinga av båten «Norwegian Gannet» som er eit flytande slakteri for oppdrettsfisk.
Bedrifta har gode, økonomiske resultat, og i 2024 hadde dei rekordomsetning og selde fisk for 4,7 milliardar kroner.
For ein berekraftig matproduksjon skal vi alle ete meir av det som kjem frå havet. Årets bedrift er ein viktig, lokal bidragsytar til dette.
Årets bedrift i Vest Næringsråd 2025 er Sekkingstad AS.

Tidlegare vinnarar av prisen:
- 1998: Nutec Sotra og Sartor Shipping
- 1999: Coast Center Base
- 2000: FMC Kongsberg Subsea
- 2001: Blom Fiskeoppdrett
- 2002: Radio Sotra
- 2003: Sotra Marine Produkter
- 2004: VEX-Gruppen
- 2005: Liegruppen
- 2006: Sartor Storsenter
- 2007: Net El- torget og Sartor Maskin
- 2008: Straume Næringspark
- 2009: Sotra Fiskeindustri
- 2010: AGR Field Operations
- 2011: Turbuss Vest
- 2012: Coast Center Base
- 2013: Telle Gruppen
- 2014: Kobbeltveit Golf og Naturpark
- 2015: ACOS
- 2016: Kystmuseet i Øygarden
- 2017: Cornelius Sjømatrestaurant
- 2018: Sotra Bil
- 2019: Straume Mesterbygg
- 2020: Fabtech
- 2021: Zinken
- 2022: Torsvik Elektro
- 2023: Solidenergy
- 2024: Biomega