Lene Sælen Rivenes
Lene Sælen Rivenes, prosjektsjef Sotrasambandet.

Sotrasambandet blir forseinka

16. januar | Tekst: Anders Ekanger
– Vi beklagar, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes. 

 
Sotrasambandet skulle opne 1. juni 2027, men brutårna på Nye Sotrabru er forsinka. Riksvegen kan opne tidlegast i 4. kvartal 2027, skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

Det er arbeidet med brutårna som har tatt lengre tid enn planlagd. Sotra Link Construction har sett inn tiltak for å ta inn forseinkinga, men rekk ikkje planlagd opningsdato 1. juni 2027. I følgje Sotra Link Construction er den nye datoen avhengig av akselerasjonstiltaka og at det ikkje oppstår fleire utfordringar.

– Vi veit at mange har sett fram til opning i juni 2027 og vi beklagar forseinkinga, seier prosjektsjef Lene Sælen Rivenes. 

I følgje Sotra Link Construction er forseinkinga relatert til Drotningsvik-området. 

Brutårna vart ferdig støypte 3. desember 2025, og i februar i år startar arbeidet med kablane. Hovudkabel skal på plass, og deretter skal hengestenger til brukassane monterast i kabelen før dei kan heisast opp i hengestengene.