Ein halv million kroner frå fondet blei fordelt mellom salatdyrkarar i Skogsvåg, reiselivsfriskusar på Rong og ungdomsmotivatorar på Straume.
Sidan 2004 har Vest Næringsråd forvalta midlar, bevilga av Sparebanken Vest. Inkludert årets tildelinger har 102 bedrifter eller prosjekt mottatt støtte frå fondet.
Bedrifter lokalisert i Øygarden, eller bedrifter som har prosjekt med utspring i regionen kan søke.
Styret i Vest Næringsråd i samråd med Sparebanken Vest avgjer kven som skal motta fondsmidlane.
I år er det vektlagt nyskapande prosjekt som bidrar til grøn omstilling eller sosial innovasjon. Det var 14 søkjarar, der tre fekk støtte:
Vinnarane:
- Grøntponics AS tildeles kr. 200 000,- + promoteringsfilm
- PitStop Norge tildeles kr. 150 000,- + promoteringsfilm
- Cirka AS tildeles kr. 150 000,- + promoteringsfilm
Her er bilder fra utdelingen på Øygardskonferansen:
Her er korleis juryen vurderte vinnarane, og promoteringsfilmane som er produsert:
Grøntponics AS er ein lokal matprodusent i Midtstegen i Skogsvåg. Der dyrker dei mellom anna salat og mikrogrønt. Dette gjer dei utan jord og kun med lys, vatn og næring. Metoden er kalla hydroponics system, og gjer at dei kan dyrke berekraftig året rundt og i høgda. Metoden er nyskapande og kansje framtidas måte å dyrke på. Bedrifta har mål om å bli ein av dei store leverandørane av salat på Vestlandet, og leverer allereie 1000 salatar i månaden. Til no er leveransane manuelt pakka, og juryen håpar støtta kan bidra til investering i pakkemaskin.
PitStop Norge er en sosial entreprenør som forebygger ungt utenforskap. Dei har utvikla innovative inkluderingsløysingar som har fokus på livsmeistring, skulemeistring og jobbmeistring. Dette gjer dei gjennom undervisning, samtaler, arbeidstrening og aktivisering. Ungdommar blir sikra erfaring frå lokalt næringsliv, og aktivisering. Ungt utenforskap er eit aukande samfunnsproblem som medfører enorme kostnader for den einskilde og for samfunnet. PitStop gjer unge med psykiske helseutfordringar til bidragsytarar istadenfor bidragsmottakarar. For vidare vekst og betre kommunikasjon med målgruppa: ungdom, får PitStop støtte til å vidareutvikla nettside og SoMe-verktøy.
Cirka AS er ein lokal reiselivsaktør som driv med grøn turisme i Øygarden. Naturopplevingar utan motor, med folkehelse og meistring med og i naturen. Bedrifta driv fleire ulike lokale konsept Øygarden klatresenter, Øygarden kajakksenter og Strilasauna, og vil no trekkja fleire enn lokalbefolkninga til naturbaserte opplevingar i havgapet. Cirka AS får støtte til ny nettportal for tilboda sine, som skal bidra til å synleggjera Øygarden for «heile verda».