Øygardskonferansen 2024

Vi løftar blikket ut i verda for å søka nye perspektiv og ei breiare forståing av oss sjølv.

Visste du at 10 000 menneske frå 50 ulike nasjonar allereie har besøkt mottaksanlegget for CO2?

I haust opnar anlegget som blir ein spydspiss for grøn omstillingsvilje i Noreg, og verda sine auge vil i endå større grad vera retta hit.

Like viktig er det å løfte fram kva næringslivet i Øygarden allereie betyr for verda.

Årets konferanse vil vise deg kvifor Øygarden stikk seg ut, og kva bedriftene her bidrar med globalt innan fleire næringar.

Vi legg opp til ein konferanse med samtalar, debatt, intervju og innlegg frå scena som handlar om:

  • Kva moglegheiter næringslivet har når verda ser til oss?
  • Kva moglegheiter næringslivet har når vi vender blikket utover?

Konferansierar er Finn Tokvam og Halvor Folgerø.

Øygardskonferansen og årsfesten
Tid: Fredag 8. november 09:00 – 23:00
Stad: Panorama Hotell & Resort

Prisar:
Konferanse Kr. 2 200,- (2750 inkl. mva.)
Konferanse og årsfest Kr. 3 900,- (4875 inkl. mva.)
Årsfest Kr. 2 200,- (2750 inkl. mva.)

Årsfesten

Om kvelden samme dag arrangerer Vest Næringsråd årsfest for alle medlemsbedriftene. Skal du på konferansen først og vidare til årsfesten, får du i mellomtida bli med på Strilapub på hotellet med mat og drikke. Du kan også nytte tida imellom fritt i den flotte velværeavdelinga på hotellet.

Årsfesten er ein viktig arena for næringslivet der du får trerettars middag, underhaldning og musikk. Vi deler også ut heidersprisane «Årets Bedrift» og «Årets Fyrtårn».

08:15
Registrering
09:00
Konferansestart

Halvor Folgerø og Finn Tokvam,

Gløym Gardermoen, England er nærare

Cecilie Myrseth, Næringsminister

Tim Heijn, Northern Lights

Vegen vidare. Moglegheiter for lokalt næringsliv?

Grete Rusten, Universitetet i Bergen

Strategiar og dilemmaer i utvikling av industrielle symbiosar

Helene Frihammer, NHO Vestland

10:20
Pause
10:40

Kenneth Bruvik, Framtidshavet

Ringverknader etter Plastkvalen

Tore Furevik, Nansensenteret

Rekordvarme og ekstremvêr - det hastar med utsleppskutt

Johnny Breivik, kommunedirektør og Tom Georg Indrevik, ordførar i Øygarden

Status, etter fem år som storkommune

Panelsamtale om næringsutvikling

Bård Sandal, fylkesdirektør for næring, Tom Georg Indrevik, ordførar, Vibeke Frøyseth, Harris og Ove Trellevik, stortingsrepresentant

11:45
Lunsj
12:45

Vivian Midttveit og Vivian Steinsland, Krigens fargar

Espen Rasmussen, Marinen

Eit endra trusselbilde

Bjarte Padøy, Equinor Øygarden

Dette er framtida for Equinor i Øygarden

Cristian Carter, Innovasjon Norge i India

Difor bør du sjå utover landegrensa

Erna Solberg, Høgre-leiar

Oppsummeringssamtale

14:25
Pause
14:35

Lars Rinnan, Futurist

Verda i 2029

Margunn Aas Minne, Agenda Vestlandet

Ei drivkraft i det grøne skiftet

Stormfondet 2024

Camilla Nygård og Trond Lægreid, Sparebanken Vest

Kari-Anne Landro, Vest Næringsråd

Kari-Anne Landro og Anders Ekanger, Vest Næringsråd

Sluttappell

15:45
Konferanseslutt
18:00
Vest Næringsråd sin årsfest

Velkomst på raud løpar

keyboard_arrow_up