Avlyser Øygardskonferansen og Årsfesten

edit today
Torsdag blei det klart at smittesituasjonen er så alvorleg i Noreg at vi verken kan, eller får lov til å arrangere.

– No må vi få ned smittetala saman, då kan vi ikkje samlast til konferanse, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd.

15 dagar før konferanse og årsfest skulle blitt arrangert blei det bråstopp. Regjeringa forbyr at 200 samlast til offentlege arrangement der ikkje stolane er fastmonterte.

FIREDELT SAL: Slik var den siste planen for gjennomføring. Faste plassar i fire kohortar.

– Sjølvsagt trist å avlysa no når vi var så nære. Men også slike arrangement må vika når vi har ein pågåande pandemi med aukande smitte i Noreg og i verda. Øygardskonferansen og Årsfesten blir liten i ein slik samanheng, seier han.

Bakgrunn

Årsaka til at vi har hatt håp om å kunna arrangera fram til i dag er at 200 deltakarar på fast tildelt plass var kravet. Vi la sist helg ein plan saman med Øygarden kommune og Panorama Hotel & Resort om korleis vi skulle få dette til. Vi skulle dela 200 deltakarar inn i fire kohortar på 50 personar. Kohortar som ikkje skulle ha nokon som helst møtepunkt mellom kvarandre. To av kohortane skulle bli verande igjen til Årsfesten etter konferansen, og skulle ha dei same sitteplassane heile dagen og kvelden.

Vi la om Årsfesten til ein Årsmiddag som skulle starta ein time etter konferanseslutt, og avsluttast kl. 21, og håpa i det lengste på gjennomføring.

Takk for velvilje!
TAKK, STYRET! Takk for hjelp og korrigering undervegs. Og takk for støtta også etter avlysing. Bilde av styremøte 5. november.

Vest Næringsråd vil rette ein stor takk til Panorama Hotel & Resort for måten dei har støtta opp under planen om gjennomføring. Vi var godt i gang, og veldig innstilt på gjennomføring. Minuttar før avlysinga fekk vi menyforslaget frå hotellet om kva dei ville servera på konferansen og årsmiddagen.

– Vi beklagar så mykje, men rår ikkje over dette. Vi satsar med friskt mot fram mot ny konferanse og årsfest om eit år, seier Toft Ledang.

Håpet om å gjennomføra begge arrangementa gjorde at vi inngjekk fleire bindande avtalar som vi ikkje kjem oss ut av utan betaling. Vi går i økonomisk tap. Men det var risikoen vi måtte ta, både vi og hotellet, då vi ville visa all verda at det går an å gjennomføra trygge arrangement også i korona-tider.

Men den forverra smittesituasjonen sette altså ein stoppar for planen.

STÅR PÅ VIDARE: Det er desse tre: Anders Ekanger, Sirianne Hellrud og Rikard Toft Ledang som har stått for planlegginga av konferansen. Her frå ein luftetur til Liatårnet då uvissa om gjennomføring var på sitt største.

Les også

keyboard_arrow_up