Ber arbeidsinnvandrarar stille seg i vaksinekø

edit today
Øygarden kommune fryktar arbeidsinnvandrarar ikkje har fått med seg at dei har rett på koronavaksine, og kor viktig det er å registrere seg. Difor har dei no laga informasjon på norsk, engelsk og polsk.
Her er informasjonsbrosjyra kommunen har laga på polsk med oppmoding om å registrera seg i vaksinekø.

I aldersgruppa 18-64 år i Øygarden har 11 756 av 23 166 personar registrert seg, og på den måten gjort seg klare til å ta korona-vaksine. Det er eit tal smittevernlege Jens Eikås er svært fornøgd med.

– Det er eg absolutt fornøgd med. Talet er eit godt utgangspunkt for å kunna begynna med å vaksinera folk i større mengder, seier han.

Inne i denne gruppa på nesten 12 000 menneske som ønskjer vaksine, kan det også vera arbeidsinnvandrarar. Men kommunen er uroa for at dei ikkje veit at dei har rett på vaksine, og at dei difor ikkje registrerer seg.

Vil hjelpe alle til å få vaksine

– Vi veit ikkje kor mange arbeidsinnvandrarar som er registrert, men vi mistenker at det er få på grunn av språkbarriere mellom oss, seier Eikås, som understrekar:

– Alle over 18 år som er innbyggjar eller som oppheld seg i Øygarden kommune, skal ha tilbod om gratis koronavaksine.

No er kommunen klar med informasjonsmateriell om koronavaksinasjon på norsk, engelsk og polsk. I tillegg har kommunen laga klar ei førelesning som arbeidsgjevarar kan gå gjennom saman med arbeidarane. Der blir dei tatt steg for steg gjennom kvifor vaksinera seg, og korleis ein i praksis stiller seg i kø.

Her kan du laste ned:

– Målet med denne informasjonen er å nå ut til arbeidsgjevarar om å hjelpe arbeidstakarar som treng hjelp til registreringa, slik at dei får vaksinert seg, seier Eikås.

Dei som har personnummer eller d-nummer (nummer som utanlandske personar får, som ikkje har norsk fødselsnummer) kan registrera seg elektronisk.

– Følg karantene-reglane!

Eikås er også svært opptatt av at denne gruppa arbeidstakarar i Øygarden er strenge med karantenereglene.

– Det er veldig viktig at denne gruppa arbeidstakarar er strenge med karantenereglane. Reglane er der av ein grunn, og det er at ein ikkje skal ta med smitte inn til Noreg, og spreie den her. Det gjeld også å halde seg unna kollegaer som ein opplever ikkje er så nøye med reglane, seier Eikås.

For å avgrensa risikoen for importsmitte har regjeringa frå 29. januar og (førebels) fram til 7. april innført svært strenge innreiserestriksjonar til Noreg. Som hovudregel kan berre utlendingar som er busett i Noreg reise inn til Noreg. Sjølv om ein har fått opphaldsløyve for å arbeida, til dømes sesongarbeidsløyve, får ein ikkje lov å komme akkurat no.

Unntaka er yrkesgruppene:
  • journalistar
  • sjømenn og luftfartspersonell
  • gods- og persontransport
  • diplomatar og militært personell
  • samar under utøving av reindrift
  • forskarar og besetningsmedlemmer på havforskingstokt
  • og utlendingar som jobbar innanfor kritiske samfunnsfunksjonar

For desse som er unntatt innreiserestriksjonane gjeld obligatorisk testing, reiseregistrering, karantene og karantenehotell. Meir informasjon om innreise til Norge finn du her!

Les også

keyboard_arrow_up