Ber fleire opna opp for lærlingar

edit today
Presenterte sju læreplassar for 25 kandidatar. – Eg håpar fleire bedrifter vil vurdera å ta inn lærlingar framover. Vi har svært dyktige ungdommar som er klare, seier Grethe Bjorøy i Live2Learn.

For å finna dei mest motiverte lærlingane, inviterte Live2Learn – fleirfaglig opplæringskontor til speed-intervju klokka ni om morgonen. Allereie frå start hadde dei 25 frammøtte dermed vist kva dei vil.

– Ved å leggja møtet til klokka ni får vi fram dei som verkeleg har lyst på og er motiverte for ein læreplass. Eg er veldig glad for at så mange kom, og eg kjenner at eg ønskjer å hjelpa alle saman, seier Bjorøy.

Torsdag morgon kunne ho presentera bedrifter med ledige plassar i desse faga:

  • Fire læreplassar i platefaget
  • Ein læreplass i kran og løfteoperasjonar
  • Ein læreplass i truck og liftmekanikar-faget
  • Ein læreplass i grafisk produksjonsteknikk
Korona-krisa slukte læreplassar

– Eg håpar vi får fylt opp desse plassane som er ledige innan ei veke eller to, men eg håpar også verkeleg at fleire bedrifter vil ta imot lærlingar. Vi har svært dyktige kandidatar her no, seier dagleg leiar Grethe Bjorøy.

Ifølge Live2Learn forsvann ein tredel av alle læreplassane i regionen i koronakrisa. Bjorøy minner om at ein som bedrift kan ta inn lærlingar heile året, og at det står dyktige ungdommar klare som er interessert.

– Appellen min til næringslivet er å ta kontakt med oss eller Vestland fylkeskommune om ein har anledning til å ta inn ein lærling. Det er ei samfunnsoppgåve å få ungdommen opp og fram, og den beste måten å læra eit fag på er å gå saman med gode fagfolk, seier ho.

– Ungdommane treng erfaringa

Bjorøy meiner bestemt at lærlingar også kan bidra i bedrifter som opplever varierande mengder oppdrag.

– Blir det svingingar i arbeidsmengda akkurat i deira fag så kan ein lærling i periodar gjera noko som ikkje står i læreplanen. Det er så mykje dei skal læra om arbeidslivet, og alt dei får gjera er god erfaring. Vi skal få dei gjennom til fagprøve, seier ho.

FAGBREV-HJELPEN: Svanhild Hausberg og Grethe Bjorøy i Live2Learn – fleirfagleg opplæringskontor, har kandidatar til fleire ulike fag. – Vi gjer alt vi kan for at flest mogleg skal få læreplass, seier dei.

Les også

keyboard_arrow_up