Biomega er Årets Bedrift

edit today
Vest Næringsråd og Nordea ønsker å heidre bedrifta som gjennom forsking og teknologiutvikling bidrar til berekraftig utnytting av marine ressursar, Biomega Norway.

Prisen for årets bedrift har lange tradisjonar i Vest Næringsråd. For prisen årets bedrift skal juryen gjera ei heilskapleg vurdering, kor ei rekkje faktorar ligg til grunn

Årets Bedrift 2024 – grunngjeving:

Årets bedrift 2024 vart etablert rundt tusenårsskiftet og sirkulær økonomi har heile vegen vore grunnleggande for forretningsmodellen.

Dei er eit selskap som kontinuerleg investerer i innovasjon gjennom forsking og utviklingsarbeid, for å sikre best mogleg teknologi, svare på kundane sine behov og bidra til ein meir berekraftig industri.

Bedrifta har dei siste åra hatt betydeleg resultatforbetring og levert gode økonomiske resultat.

I 2012 etablerte dei bioraffineri her i Øygarden. Dei mottar råvarer frå ulike kjelder og saman med naboverksemda har dei etablert eit skuleeksempel på industriell symbiose. Avfallet frå naboverksemda er råstoff for årets bedrift og går i rør mellom produksjonslokala.

Gjennom døgnkontinuerleg drift bruker bedrifta restråstoff frå akvakultur til bioraffinering, for produksjon av fiskeolje både til bruk i dyrefôr og som tilskot i humant konsum.

Vest Næringsråd og Nordea ønsker å heidre bedrifta som gjennom forsking og teknologiutvikling bidrar til berekraftig utnytting av marine ressursar. Som ein av Nord-Europas største bankar ønsker Nordea å bidra til grøn omstilling ved å kanalisere/allokere kapital til bedrifter som støttar overgangen til en lågutsleppsøkonomi.

Årets bedrift held til på Skaganeset, har 25 tilsette og er leia av Chris Simmenes. Årets bedrift er Biomega Norway.

Bilder frå prisutdelinga på Årsfesten 8. november:

Alle foto: Trude Brun Wilhelmsen

Les også

keyboard_arrow_up