– Det er viktig å få alle til å skina

edit today
Anita Mannes (47) er tilsett som dagleg leiar i Øygarden næringsutvikling KF. Ho tek til i stillinga 1. januar 2021.

– Eg er supert motivert og veldig gira på å ta fatt i stillinga. Eg har drive med næringsutvikling i 10 år. I denne jobben skal eg vera med og operasjonalisera planar og ha eit tett og godt samarbeid med ordførar, kommunedirektør og Vest Næringsråd, seier Mannes i ei pressemelding frå kommunen.

Dagleg leiar Rikard Toft Ledang i Vest Næringsråd gratulerer med den nye jobben, og ser fram til samarbeidet.

– Vi ser fram til å få avklart kva det nye utviklingsselskapet skal gjera, og dermed også kva oppgåver Vest Næringsråd skal ha framover: Eg trur vi skal få til mykje bra for næringslivet i Øygarden saman, seier Ledang.

I den nye jobben vil Anita Mannes prioritera å verta kjent med næringslivet og kva ressursar som finst. Ho viser til viktige utbyggingsprosjekt i området i tida som kjem og nemner karbonfangst, Sotrasambandet og flytting av godshamna til Ågotnes som døme på dette.

Vil ha kommunen sterkt på næringskartet

– Det er viktig å byggja strategiske nettverk og få alle til å skina. Alle bedrifter er viktige, men samstundes må vi fokusera på prosjekt som kan gje mange arbeidsplassar, seier den nye daglege leiaren.

Styreleiar i Øygarden næringsutvikling KF, Kurt Rune Andreassen, er glad for at utviklingsselskapet har fått tilsett den beste kandidaten til stillinga.

– Det var fleire kvalifiserte søkjarar til stillinga. Anita Mannes har god bakgrunn for dei oppgåvene ho vil få som dagleg leiar for selskapet. Styret ser fram til eit godt samarbeid der målet er å setja Øygarden kommune endå sterkare på kartet når det gjeld næringsutvikling, seier Andreassen.

Skal stimulera næringsutvikling

Anita Mannes har MBA i strategi og leiing frå Norges Handelshøyskole (Master of Business Administration). Ho har også bachelor i kommunikasjon frå University of Washington og er no manager i Connect BAN Bergen. Ho har også bakgrunn som eigedomsutviklar, bedriftsrettleiing og erfaring med innovasjons- og omstillingsprosessar.

Øygarden næringsutvikling er eit kommunalt føretak i Øygarden kommune. Formålet til føretaket er å stimulera og leggja til rette for næringsutvikling i privat og offentleg verksemd i Øygarden kommune. Føretaket skal medverka til etablering av nye arbeidsplassar i regionen, samt å vidareutvikla dei eksisterande. Føretaket skal fungera som næringseininga til Øygarden kommune.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up