– Eg håpar vi får gjere dette oftare

edit today
Med raude kinn og kalde hender – ute av klasserommet – går elevane rundt i skulen sitt nabolag og repeterer dei to siste vekene med undervisning.

– Her! 55 x 8?

Øystein Vik bråstoppar. Han og klassekamerat Nicolai Hjørnevik Ramberg har fått opp på skjermen at dei er på riktig plass. Øystein løfter ansiktet og ser mot himmelen, mens han strekker fram ein etter ein finger på venstrehanda. Han tenkjer. Reknar hardt i hovudet.

– 440, kviskrar han, mens han noterer det på nettbrettet. Beina har allereie begynt å gå mot neste punkt.

Tilbake til start

Det er føremiddag i klasserommet til 6B på Kolltveit skule. Nokre av elevane syns nok det er godt å sette slik. Andre har begynt å vri på seg. Lærar Bente Sandvik trykker på tavla. Ho tar i bruk verktøyet for uteskule, Poplar, ei lokal oppfinning utvikla av Sotra Villmarkssenter.

– Eg har gjort klart dette til dykk, og de skal få gå ut og løyse oppgåver i denne timen, seier ho.

Læraren deler elevane inn i grupper som hentar seg eit nettbrett og er i gang. Elevane skannar ein QR-kode på veggen og snur seg mot døra. Racet er i gang. Sjølv om det ikkje er om å gjere å vera raskast går det unna å komme seg ut.

Det er minusgrader. Kinnene blir raskt raude. Nicolai og Øystein set kursen mot ein av dei 23 postane. Smyg seg opp ein smal sti. Gjennom høgt gras, busker. Hoppar ned frå stien, går over ei rimlagt lita bru.

– Her! Skriv «SKJEGG» i grusen, les Øystein.

Det er frost i grusen. Kva gjer ein då? Dei begynner å samle steinar og brukar dei til å forme bokstavane. Gløymer ein «K» i farta, tar bilde av ordet, og går vidare. Gruppene av elevar bevegar seg rundt i nærområdet og finn dei usynlege postane som lærar Bente har gjort klare. Det er is på bakken, plutseleg sklir ein av dei og landar på ryggen.

– Det går bra, seier han. Opp igjen.

Dei går, småspring, joggar, snakkar, samarbeider. I sitt eige tempo. Ingen pressar. Ein fugl flyg rett framfor ansiktet på to elevar. Ein lastebil susar forbi på vegen.

– Her!

Øystein bråstoppar igjen.

– Lag ein rettvinkla trekant med pinnar, les han av skjermen.

Makker Nikolai hentar i grøfta. Nytt bilde. Oppdrag utført. Vidare.

45 minuttar seinare

Lærar Bente har tatt fram kartet over skuleområdet og nabolaget. Der ser ho kor elevane har vore, og går gjennom svara ho har fått inn. Alle er tilbake på plassane.

– Er dette ein rettvinkla trekant, då?

Det blir summing og samtale i klassen. Læraren avslører vidare at det var Koala som var dyret som søv inntil 20 timar i døgnet, og at det er 12 månader i året. 23 oppgåver, 23 postar og 23 ulike stader elevane utan problem har bevegd seg rundt mellom.

– Kjempebra jobba alle saman. Vi gjer kvarandre ein god applaus!

– Dette var mykje betre enn ein vanleg engelsktime, kjem det frå ein av elevane.

Nicolai og Øystein syns timen var gøy. Å løyse oppgåver samtidig som ein bevegar seg ute, gjer mykje med konsentrasjonen og motivasjonen, meiner dei.

– Eg trur konkurranseinstinktet mitt kjem fram når vi brukar Poplar. Det blir litt gøyare når det er ein konkurranse, og då prøver vi gjerne litt ekstra på å få det til, meiner Øystein.

– Det er eit ganske bra program. Smart å ha oppgåver ute i staden for å gjere alt inne, meiner Nicolai.

– Eg håpar vi skal få gjort dette litt meir. Det er gøy, spesielt når vi ikkje berre sit på plassen vår heilt i ro, syns Øystein.

– Kan brukast i mange fag

Øystein har skjønt det. Heile poenget med læringsverktøyet Poplar er at lærarane kan aktivisere elevane utandørs. Ein blanding av velkjente Kahoot og Pokemon Go. 6. klasselærar Bente Sandvik merkar korleis verktøyet engasjerer, interesserer og aktiviserer elevane.

– Vi lærarar skal prøve å engasjera elevane, og vi ser at dei blir lei av å sitta på plassen sin i klasserommet. Poplar er eit viktig verktøy for oss for å variera undervisninga, meiner ho.

Denne gongen hadde Sandvik sett saman oppgåver som oppsummerte undervisninga i matte, norsk og naturfag dei siste to vekene.

– Det er det som er det aller beste med Poplar, fleksibiliteten. Det kan brukast i så mange ulike fag. Og så er det jo kult at dei som står bak programmet er herifrå, syns Sandvik.

Svarer på nasjonale krav

Det er rektor Odd Erik Kjeldstad som har kjøpt inn og lansert verktøyet for lærarstaben. Han hadde gode erfaringar med Poplar frå førre rektorjobb, og valde å ta det med seg også til Kolltveit.

– No blir vi som skule utfordra på for mykje skjermbruk og lite aktivitet. Dette verktøyet viser at det går an å gjere noko fysisk, og samtidig bruke skjermen til læring, meiner han.

Både foreldregruppa ved skulen, og nasjonale føringar ber skulen om å gjennomføre meir undervisning ute. Han trur det vil bli mindre undervisning i klasserom framover, og at skulen vil gå tilbake til meir praktisk retta undervisning. Mindre stillesitting. Med tanke på dette meiner Kjeldstad at Poplar utvilsamt er nyttig.

– Det liknar litt på Stolpejakten og Pokémon Go. Sotra Villmarkssenter har funne opp noko som motiverer elevane til å delta, seier han, og rosar dei to lokale gründerane som står bak verktøyet.

– Eg tenkjer at vi som kommune må kjenne vår besøkelsestid i slike tilfelle. Her har vi innovative folk lokalt som lagar eit så nyttig verktøy. Då må vi støtte opp om dei, meiner Odd Erik Kjeldstad.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up