– Vi må leggje til rette for at fleire tør å starte bedrift

edit today
For å oppretthalde den norske konkurransekrafta burde det blitt etablert dobbelt så mange bedrifter kvart år, meiner DNB.

I fjor blei det etablert 41 655 nye bedrifter i Noreg. Så langt i år 28 000. Det meiner bedriftsrådgjevar John Ivar Halvorsen i DNB er altfor lite.

– Vi må gjera det vi kan for å stimulera til at fleire tar valet om å starte ei ny bedrift. I Noreg treng vi 80 000 nye bedrifter kvart år for å oppretthalda konkurransekrafta. Det er vi langt unna, forklarer han.

Halvorsen deltek på Etablererdagen på Straume Teknologisenter tysdag 3. oktober. Der vil han lytte til og snakke med deltakarane. Prøve å pushe nyetablerte vidare på vegen.

– Det er eit flott initiativ for å stimulere fleire til å starte for seg sjølv, meiner han.

Anbefaler desse nettsidene

Halvorsen meiner det fins mykje hjelp for gründerar i Noreg. Han anbefaler å studere desse tenestene om ein vurderer å starte bedrift:

– Heldigvis fins det mykje hjelp å få, men skal eg gje eitt råd så er det å søke opp gründer-fellesskapa som finns både på Sotra og i Bergen, og gå og snakke med andre gründerar. Sug til deg av erfaringane deira, er rådet til Halvorsen.

Her er nokre av dei som kjem på Etablererdagen 3. oktober:

Tålmod, tålmod, tålmod

John Ivar Halvorsen meiner små og mellomstore bedrifter (SMB) er sjølve grunnfjellet i bedrifts-Noreg. SMB står for 99 prosent av alle norske bedrifter og 44 prosent av all verdiskaping. Og vi treng fleire. Mange fleire.

– Då er det enkelt å heie på desse små og mellomstore, synest han.

– Kva er det viktigaste å gjere før ein tar steget og startar for seg sjølv?

– Det viktigaste er å finna ut kva som er drivkrafta bak draumen. Klarer du å halde ut? Har du vilje til å komma i mål? Bruk god tid i førebuingane. Gjer ei grundig kartleggjing i ein forretningsmodell, få oversikt over kapitalbehov, team osv. Desse tinga krev tålmod og tar mykje tid, erfarer Halvorsen.

– Gode moglegheiter

Tider med låg arbeidsløyse og høge renter er vanlegvis ikkje tider som innbyr til å starte for seg sjølv. Men DNB sin bedriftsrådgjevar ser likevel store moglegheiter for den som tør å satse akkurat no, og i framtida.

– Her må eg få sitera ein dyktig, lokal næringslivsleiar som sa: «Å starte opp i vanskelege tider er krevjande, men ein meget god test på forretningsidéen». Det er store moglegheiter for gründerar no til dømes innan oppgåvene som skal løysast innan berekraftig omstilling. I jobben min møter eg mange gründerar, og det er påfallande i kor mange tilfelle eg må spørja meg kvifor ingen andre har kome opp med denne ideen tidlegare? Nye og innovative løysingar heier vi på. Noko som bringer oss framover, gjer oss grønare eller tryggare er svært tilfredsstillande å jobba med. Det gir jobben meining og er inspirerande, fortel han.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up