– Det største eg har opplevd med MillaSays

edit today
I fem dagar har MillaSays-gründer Aleksander Waage Helmersberg vore i Wien i Østerrike og presentert livsverket sitt. No er draumen om å ta idéen sin til utlandet endå større.

Torsdag kveld gjekk han på scena i FN-bygningen i Wien og tok imot pris for arbeidet sitt arbeid med appen han fekk idéen til i 2014. Appen gir menneske med manglande eller begrensa verbal tale eit verktøy for å skapa god kommunikasjon med andre rundt seg.

Av over 800 søkarar blei MillaSays først nominert blant dei 320 beste. Deretter blant dei 156 beste, før den endelege beskjeden om tildelinga kom. Då var MillaSays løfta fram som ein av 71 prisvinnarane frå 42 ulike land.

Framfor 1000 tilskodarar i salen, og 10 000 som såg på den web-sendinga, gjekk det opp for gründeren kor stor opplevinga var.

Private glimt frå veka i Wien.

– På veg ned hit tenkte eg at dette var eit av mange klapp på skuldra som eg har fått tidlegare. Men etter å ha vore her desse dagane har eg forstått så mykje meir av kva eg er med på og kor stort dette er. Prisutdelinga må eg nok rangera høgast i historia om MillaSays, seier Helmersberg.

The Zero Project er et verdsomfattande prosjekt som finn og løftar fram inkluderande løysingar som bygger opp under artikkel 32 i FNs konvensjon om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Prosjektet engasjerer eit globalt nettverk av innovatørar, beslutningstakarar og ekspertar.

Å få vera midt mellom desse har sett vesle MillaSays med kontor i Gründerparken Vest inn i ein stor samanheng.

Drøymer om utlandet

– Det er overveldande å møta folk frå heile verda som jobbar mot det same målet, at menneske med funksjonsnedsettingar skal få eit betre liv. Wow-effekten slo inn i meg i går då vi fekk høyre at 25 prosent av verdas befolkning har ein nedsett funksjon. Vi tenkjer ofte at dette er noko medfødd, men med krig og jordskjelv og ein heilt vanleg ting som å miste hørselen, så er talet aukande. Då får ein sett i perspektiv kor viktig dette er å jobbe for, seier Helmersberg.

Etter tre dagar i Wien der han har fått presentert MillaSays for små og store grupper i dette enorme nettverket. Han har opplevd applaus midt i presentasjonar, og han har blitt grilla av moglege investorar og samarbeidspartnerar. No er han spent på kva som skjer vidare.

– Den store draumen min er å ta dette utanlands, og det er krevande. Vi får gjere opp status når eg kjem heimatt, men dette har i alle fall gitt meg moglegheit til å få kontaktar i utlandet, seier Aleksander Waage Helmersberg.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up