Oldboys-gjengen som kjempa for livet til lagkameraten opplevde at hjartestartaren ikkje virka. – Ingen skal måtta oppleve det, seier Camilla Nygård i Sparebanken Vest, som blar opp for hjartestartarskap i Øygarden.
Det går ikkje an å forstå korleis dei hadde det. Old-boys-gjengen som var godt i gang med søndagstreninga. Utan forvarsel låg ein av kameratane på kunstgraset. Hjartet hadde stoppa og fotballtreninga blei forvandla til ein kamp på liv og død.
- Ein ringte 113
- Ein tok hjartekompresjonar og ein gjorde munn-til-munn
- Fleire styrte trafikken i vegen
- Nokre rydda bana og gjorde klart for luftambulansen
- To sprang for å henta hjartestartar
- Sørga for at dei verkar
- Sørga for at dei blir følgt opp
- Sørga for kunnskap om bruk
– Vi var klar over at det var hjartestartarar her, enten i klubbhuset her eller i hallen. Men det var søndagskveld og låst. Dermed valde vi å køyre knappe kilometeren til ein vi var sikre på å få tak i. Der var også låst, og vi måtte bruka tid på å få kontakt med folk inne, fortel Thomas Garlid.
Hjartestartar nummer to blei redninga
Sekundane gjekk sakte før døra blei opna, og dei kunne hente med seg hjartestartaren dei så sårt trengte. Tilbake ved kameraten var første brannmann på plass, og Thomas kunne overlate hjartestartaren til han.
– Men den gav ikkje støyt. Den fungerte ikkje, forklarar Garlid oppgitt.
– Ingenting er verre enn det, seier Tom-Kristian Turøy, som også sto midt i situasjonen.

Til slutt var det brannvesenet som kom med hjartestartar nummer to. Den gav støyt, og etter eit par minutt til med vidare hjarte- og lungeredning begynte lagkameraten å puste for eiga maskin.
– Han var så heldig, meiner Turøy.
Kameraten blei flydd med Luftambulansen til sjukehuset, og fekk behandling. No er han tilbake på treningsfeltet med laget.
– Lagkameratene reddet liv den kvelden, sa lege på Luftambulansen, Christopher Kalhagen Bjerkvig til Vestnytt i november. Omtalen i avisa er også bakgrunnen for prosjektet som Sparebanken Vest støttar. Spesielt setninga:
«…løp også for å hente hjertestarter. Men da de fikk hentet den, fungerte den ikke.»
Falsk tryggleik?
Det er registrert 121 hjartestartarar i Øygarden. 20 i området rundt Ågotnes der fotballtreninga fann stad. Det er berre dei registrerte. Det finns nok fleire. Men kven passar på at desse verkar, er tilgjengelege og faktisk kan vera til hjelp?
– Batteriet og elektrodane går ut på dato, seier Jørn Thomassen, fagsjef i Røde Kors Førstehjelp.
Desse delane må med jamne mellomrom bytast ut. Er vi klar over det, og kven har ansvaret?


Øygarden næringsutvikling, Røde Kors Førstehjelp og Vest Næringsråd tek no initiativ - med støtte frå Sparebanken Vest - til å gjera fleire hjartestartarar tilgjengelege i kommunen. Gjennom prosjektet ønskjer vi å:
Idrettslag og andre frivillige organisasjoner i Øygarden er invitert til søka om hjartestartarskap, som gjer hjelpen godt synleg og tilgjengeleg når du treng den. Sparebanken Vest på Straume støttar prosjektet med 400 000 kroner, noko som vil dekka 16 hjartestartarskap med overvaking i fem år.