valkomiteen
Valkomiteen: Rikard Toft Ledang, Kjersti Nordøy og Trond Helge Nyegaard jobbar med å setje saman nytt styre i Vest Næringsråd.

Vil du utvikla Vest Næringsråd inn i framtida?

21. januar | Tekst: Anders Ekanger
Er du den rette, eller kjenner du nokon som bør vera kandidat til styret? Valkomiteen tar no imot innspel til kandidatar.

– Det viktigaste er at kandidaten er motivert og har eit engasjement for næringslivet i Øygarden og regionen, seier leiar av valkomiteen, Kjersti Nordøy.

 

Saman med seg i komiteen har ho Rikard Toft Ledang og Trond Helge Nyegaard. Dei tre er i gang med arbeidet å setje saman forslag til nytt styre. Årsmøtet er 16. april, og komiteen må ha mottatt forslag til kandidatar innan 1. mars.


Dette ser komiteen etter: 
  • Motivasjon og engasjement for næringslivet
  • Nokon som kan være med på å utvikla Vest Næringsråd inn i framtida
  • At ein er i stand til å omfavne eit mangfoldig næringsliv i regionen ut over sin eigen bransje

Valkomiteen er opptatt av at styret bør vera samansett av ulike bransjar, ulik storleik på bedriftene og geografisk spreiing

Dagens styre i Vest Næringsråd er:


STYRELEIAR:
Styreleiar Arild Bøthun, Sartor & Drange

STYREMEDLEMMER:

Styremedlem Øyvind A. Langedal
Styremedlem Monica Gudmundsen, ACOS
Styremedlem Tony Rong, RS-bygg
Styremedlem Alvhild Tofterå Berge, Sparebank 1 Sør-Norge
Styremedlem Hanne Misje Lokøy, CCB
Styremedlem Einar Drægebø, Harris

 

VARAREPRESENTANTER:
Varamedlem Silvia Høines, Panorama Hotell & Resort
Varamedlem Ole Morten Svellingen, Solid Energy

Innspel kan gis ved å ta kontakt med komiteen direkte: