Dette er årets Stormfond-vinnarar

edit today
Ei maskin som skal halda drikkevatnet reint, ein digital plattform for artistar, fans og konsertlokaler og ein nyetablert rideskule får støtte frå årets fond.

Sidan 2004 har Vest næringsråd forvalta gåvemidlar til regional næringsutvikling gjeve av Sparebanken Vest. Til saman i løpet av desse åra har fondet støtta 86 bedrifter og prosjekt.

Namnet Stormfondet blei etablert i 2018, då utdelinga blei lagt til Øygardskonferansen. Frå det året starta vi også med å dela ut større porsjonar til nokre hovudvinnarar, som også fekk produsert ein promoteringsfilm om bedriften, med premiere på Øygardskonferansen.

Årets konferanse måtte bli avlyst, og dermed blei det ei uhøgtideleg utdeling i år. Fondet var også langt mindre enn i fjor grunna koronakrisa, men tre vinnarar blei peika ut av juryen. To av dei får også promoteringsvideo til ein verdi av 25 000 kroner.

  • Remote Inspection AS tildeles kr. 75.000,- + promoteringsvideo til en verdi av kr. 25.000,- , samt diplom fra SPV.
  • Goosebumper tildeles kr. 75.000,- + promoteringsvideo til en verdi av kr. 25.000,- , samt diplom fra SPV.
  • Emijas Rideskole tildeles kr. 50.000,- samt diplom fra SPV.

Promoteringsvideoene er produsert av LK Productions som holder til i Gründerparken Vest.

Vår viktigaste ressurs
FJERNSTYRT GLEDE: Sindre Lie og Alexander Dale i Remote Inspection.

Remote Inspection AS er eit nystarta firma som har etablert seg i Gründerparken Vest i løpet av 2020. Dei utfører inspeksjon og reingjering av drikkevassbasseng ved hjelp av fjernstyrt utstyr. Verksemda får stadig fleire kontraktar, og etablerer seg raskt i marknaden. For tida står dei også for utvikling av utstyr til å reingjera veggar i høgdebasseng, ikkje berre golv. Og det er dette prosjetet «Clean walls» som er blitt tildelt midlar frå Stormfondet.

– Dette er ein god starthjelp til prosjektet. No får vi moglegheit til å utvikla og testa utstyr gjennom vinteren. Vi har skisser på teiknebrettet, og vi har testa ein del metodar. Deretter må vi få tak i delar og få utstyret produsert før endå meir testing vil skje over nyttår, fortel dagleg leiar Sindre Lie.

Det er ei lokal bedrift som hjelper med teikningar. Det gjer vegen kort frå plan til test, og eventuelt tilbake.

– Vi skal få det til. Metodane er henta frå erfaringa vår offshore. Målet er å tilby kundar metoden andre kvartal neste år, seier Lie.

Til å få gåsehud av
GÅSEHUD? Petter Andre Ådland, Roald Steinsland og Roy Åge Tuv står bak Goosebumper.

Goosebumper er ein heilt ny digital plattform for artistar, fans og konsertlokaler. Goosebumper skal knytte desse saman i eit digitalt nettverk som gjer det enkelt å finne kvarandre. Ei samlande løysing for underhaldningsbransjen, og ei løysing for publikum som enkelt skal kunna booka både artistar og lokaler til private- eller bedriftsarrangement. Plattforma er i støypeskeia, og lansering er nær betaversjon.

– Å få midlar frå Stormfondet betyr mykje for oss. Først og fremst ei god validering av forretningskonseptet, men også pengane. Vi er i ein tidleg fase utan inntekter, så det kjem veldig godt med, seier dagleg leiar Petter Andre Ådland.

Goosebumper har allereie fått marknadsavklaringsstøtte og kommersialiseringsstøtte frå Innovasjon Norge på til saman 1,5 millionar kroner. I tillegg har eksterne investorar gått inn med ein million.

– Det er fint å kjenne at både Innovasjon Norge og andre trur på prosjektet, seier Ådland.

Nystarta rideskule

Emijas Rideskole er omstilling av tradisjonelt gardsbruk i Skogsvåg til rideskule, og ein stad for hesteopplevingar retta mot barn og ungdom. Øygarden manglar dette tilbudet, og ein må over brua for å finne næraste. Rideskulen starta arbeidet i 2020, og har store planer for området. Ei gründersatsing som bidrar til ny aktivitet og lokal verdiskaping i kommunen.

– Eg har aldri vunne i lotto, men det var litt den følelsen då de ringte om dette, smiler innehavaren, Emija Liepina.

KJEMPEGLAD: Emija Liepina satsa fast jobb, og starta ridesenter for seg sjølv i sommar. No har ho store planar for gården på Trengereid.

Torsdag fekk ho beviset, sjekken frå Sparebanken Vest, og diplom, før ho viste Vest Næringsråd rundt på gården ho overtok på Trengereid i sommar. Emija Liepina har sagt opp trygg jobb på eit ridesenter i Bergen, og flytta til Øygarden for å satse som gründer. Her har ho sju hestar og 35 unge rideelevar.

– Ytterlegare 25 nye har meld seg på, fortel ho, ivrig etter å setja istand gården og leggje til rette for eit heilårstilbod for hesteinteresserte.

Men ho har ein stor jobb framfor seg. Beitemarkene ligg under vatn, og eit stort dreneringsarbeid må til. Ridebana også. I tillegg drøymer ho om ein dukhall slik at barna kan ri innandørs om hausten og vinteren.

– Eg jobbar hardt for å få dette til. Eg syns det er veldig kjekt å gje fleire barn i Øygarden moglegheiten til å ri, seier ho.

Les også

keyboard_arrow_up