Dei jobbar frå heimekontor, og kjenner dei saknar tilfeldige møte med kollegaer i gangen. No inviterer dei andre i same situasjon til å bli med i «Kaffenettverket».
– Det er nok mange som oss i Øygarden. Mange som jobbar frå heimekontor. Spesielt etter korona-pandemien, seier Lasse Olaissen, opphavsmannen til det vesle heimekontorist-nettverket som starta i vinter.
Det har han heilt rett i. I følge Statistisk sentralbyrå jobba 18 prosent av arbeidstakerane heimefrå minst én dag i veka i 2019. I 2024 hadde 45 prosent av dei sysselsette moglegheit til å jobba heimefrå, og sju prosent jobba heimefrå halvparten eller meir av arbeidstida.
– Det er fleire fordelar med heimekontor, men det er også viktig å sjå andre menneske, og ha eit nettverk lokalt, meiner han.
Jobben langt vekk – kontor heime
I den faste båsen på Egon på Sartor møtes dei fire kl. 12 kvar andre torsdag i månaden. Alle jobbar for norske eller internasjonale firma som har hovudkontor langt vekke. Heimekontora ligg i Skogsvåg, på Langøy, i Knarrevik og på by-sida.
Samtalen flyt i alle retningar utan agenda og referat. Iron Maiden, motorsykkel, lange historiar, korte statement. Lett prat med breie smil, og dei største kaffikoppane i regionen.
Leiter etter andre med slike jobbar
– Eg kjenner at eg går og gler meg til dette. Det gir ein positiv boost å møta dei andre, seier Oddvar Sandtorv.
Den tidlegare sjøkapteinen fortel at møta med dei tre andre har blitt så verdifulle at dei ønskjer å skape ein arena for fleire.
– Målgruppa er dei av oss som sit på heimekontor eller i ei lita bedrift med Teams, epost og telefon som hovudkjelde til kontakt med omverda i arbeidskvardagen. Her får du ein uformell prat ansikt til ansikt med andre i same situasjon, beskriv Sandtorv.