1 052 012 kroner. Det er summen som bedrifter og privatpersonar har bidratt med til årets Krafttak mot Kreft-aksjon. Det er nok ein gong ny rekord!
– Vi håpar jo kvart år å setja rekord, men det er umogleg å vite korleis det går. No er eg heilt overvelda over engasjementet, seier Hans Jarle Einarsen.
Fredag gjorde han og Benjamin Torsvik eit siste stunt med Skuletafett for livet på Knappskog skule, der elevane sprang inn dei siste kronene.
Det blei markeringa som avslutta årets innsamlingsaksjon som Sartor Storsenter og Vest Næringsråd samarbeider om.
– Dette betyr så mykje
Opptellinga etterpå viser altså at rekorden frå 2022 er slått, og at aksjonen i løpet av 14 år har samla inn 8,2 millionar kroner til kreftforsking. Einarsen trur ikkje verken han eller alle givarane i kommunen forstår kor mykje dette betyr for dei som kjempar med sjukdomen kvar dag.
– Eg er heilt overvelda. Eg møter folk som har kreft som seier dei blir løfta opp av å sjå engasjementet for denne saka i Øygarden. Eg må berre få sei tusen takk til alle som har bidratt til innsamlinga, seier Einarsen.
Så mykje er samla inn år for år:
- 2011: kr. 177 014,-
- 2012: kr. 255 346,-
- 2013: kr. 331 297,-
- 2014: kr. 447 290,-
- 2015: kr. 605 051,-
- 2016: kr. 509 880,-
- 2017: kr. 625 319,-
- 2018: kr. 501 923,-
- 2019: kr. 680 122,-
- 2020: kr. 415 340,-
- 2021: kr. 735 168,-
- 2022: kr. 1 032 640,-
- 2023: kr. 858 775,-
- 2024: kr. 1 050 012,-
Totalt på 14 år: Kr. 8 227 177,-
Bedriftsstafetten endte på 794 182 kroner i år. Her er glimt frå årets ringedugnad til bedriftene: