– Eg gjorde det rette, men føler eg tapte

edit today
Per Terje Engedal var ein av varslarane i politiet etter Monika-saka. Det vil henga ved han resten av livet.

– Om hundre år håpar eg å kunne seie at eg hadde gjort det ein gong til. Men eg er langt derifrå no. Fem år av livet mitt er som eit stort svart hol, seier han.

Du kjenner kanskje ansiktet igjen. Frå eit utal medieoppslag for nokre år sidan. Men kven var han igjen, og kven er han no?

– Kom ingen veg med varslene

Per Terje Engedal var HMS-rådgjevar i Hordaland politidistrikt, og fekk varslarstatus i kjølvatnet av Monika-saka. Barnedrapet i Sund som først blei lagt vekk som truleg sjølvmord, før saka to år seinare blei opna opp igjen, etterforska vidare og løyst med drapsdom.

Engedal varsla om systemsvikt, ukultur og store konfliktar i politiet i Bergen. Men han opplevde å ikkje kome nokon veg med det han rapporterte.

Ingen ville tilsetje «slike som han»

Det var i denne perioden Engedal og varslar-kollegaene hans blei eksponert i alle dei store mediehusa i Noreg i ei rekkje saker.

Til slutt gav han opp politiet, og sa opp jobben i april 2016. Men dêt gjorde det ikkje betre for han personleg. Han fekk seg ikkje ny jobb. Ingen ville tilsetje «slike som han».

– Ein sit med kjensla av å ha tapt, sjølv om det eg gjorde var rett. Den økonomiske byrden gjer nok at eg må bera på det eg gjorde til eg blir pensjonist, fortel han.

Fortel si historie på seminar

No når varslarsaka er komen på nokre års avstand, sit han att med erfaringane. Ein heil masse erfaringar.

Torsdag 24. oktober kjem han difor til Straume Teknologisenter på frukostseminaret: Varsling av kritikkverdige forhold.

Der vil han fortelje om korleis det var å vera varslar i offentleg sektor. Og kva som er skilnaden på offentleg og privat sektor når det handlar om varslingssaker.

– Bedriftene må vera førebudd på varslingssaker

– Det er frykteleg mykje som er gjort rundt dette med å varsle. Men framleis er ikkje samfunnet vårt heilt modent for å takle det. Mekanismane er ikkje på plass, meiner han.

Og det må dei vera. Mekanismane. Bedrifter må ha ein plan for varsling. Elles meiner han ei varslingssak kan gå ut av kontroll og bli fryktelig dyr å handtere.

– Bedriftene må innsjå at dette kan skje hos dei. Dei må forstå kva dette kostar å ikkje handtera, seier Engedal.

Les også

keyboard_arrow_up