– Ei utruleg stor ære

edit today
Hans Jarle Einarsen er Årets fyrtårn 2021.

Vest Næringsråd oppretta i 2018 denne heidersprisen, oppkalt etter kommunevåpenet i Øygarden kommune. Formålet er å heidre ein person som enten gjennom selskapet sitt eller organisasjonen sin har hatt ei positiv betydning for regionen.

Prisen er eit samarbeid mellom Vest Næringsråd og Sparebank1 SR Bank. Juryen er dagleg leiar Rikard Toft Ledang, styret i Vest Næringsråd og varaordførar Torill Selsvold Nyborg i Øygarden kommune.

Tildelinga skjedde under Årsfesten til Vest Næringsråd 12. november.

– Det er ei utruleg stor ære å få denne prisen. Eg hadde ikkje klart dette utan støtta frå næringslivet, sa Einarsen då han mottok prisen.

– Sta som eit esel!

Einarsen er marknadssjef på Sartor Storsenter, og primus motor for den årlege Krafttak mot kreft. Engasjementet har sørga for over fem millionar innsamla kroner til kreftforsking dei siste 11 åra. I 2019 lova han på eit medlemstreff i Vest Næringsråd at han skulle springa 20 maraton for kreftsaka før han blei 50 år. Problemet var berre at han dermed måtte springa sju maraton dei neste ti månadene. Likevel klarte han det.

Senterdirektør Thomas Skålnes sa då Sartor Storsenter opna nytt lokale for Kreftforeininga, at Hans Jarle Einarsen har gjort ein jobb for aksjonen som går langt utover det ein kan vente av ein marknadssjef på eit kjøpesenter.

Tidlegare vinnarar

Prisen «Årets Fyrtårn» er fire år gammal, og er ein heiderspris til ein som har sett regionen på kartet positivt. I 2018 var det Kåre Bjorøy som blei heidra, medan prisen i 2019 blei delt mellom dei tre ordførarane Kari-Anne Landro, Marianne Sandahl Bjorøy og Børge Haugetun, som slo saman dei tre kommunane. I 2020 fekk Sotra Gruppen-gründer Jarle Vindenes prisen.

Les også

keyboard_arrow_up