– Eit gigantsprang for mange

edit today
For 14 dagar sidan blei læraryrket kasta ut av klasserommet og inn på heimekontor. Korleis får dei det til? Oppvekstsjefen manar til å spara på kreftene.

– Aldri så galt at det ikkje er godt for noko. Eg trur denne måten å jobba på kjem til å gjera noko med heile skule-Noreg, seier Vidar Steffensen.

Han er noverande heimekontor-lærar for ein klasse på Tranevågen Ungdomsskule på Ågotnes. For to veker sidan hadde han elevane framfor seg. No møter han dei heime framfor skjermen. Ein snuoperasjon dei færraste såg for seg då dei 12. mars fekk beskjed om å rydda arbeidsplassen på lærarrommet, og komma seg heim. I uvissa.

Men lærarane heiv seg rundt, laga digitale klasserom og fekk undervisninga opp og gå igjen. Heimefrå.

Småtrinnet på barneskulane får videoar frå lærarane kvar morgon, og oppgåver å jobba med utover dagen. Dei eldste på barneskulane må vera tilgjengelege for lærarane, og har arbeid å gjera kvar dag.

Lærarane si omstillingevne – og vilje blir lagt merke til. Heilt til topps.

– Mange har vore flinke til å gjera det beste ut av situasjonen, særleg lærarar har gått føre med eit godt eksempel, sa statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse om korona-krisa 24. mars.

– Har mindre kontroll

– Eg syns det er veldig kjekt dette her. Men det har nok vore eit gigantsprang for mange lærarar å hoppe ut i den digitale arenaen, seier Vidar Steffensen.

Han innrømmer at han var over gjennomsnittet interessert i digitale verkemiddel frå før, men ser korleis kollegaene har takla det.

– Mange lærarar har nok hatt ei bratt læringskurve når det handlar om digital undervisning. Men eg trur det går bra.

Utfordringa, meiner han, er at dei har litt mindre kontroll på kvar einskild elev no enn før. Klokka ni om morgonen må elevane stilla i det virituelle klasserommet for opprop, men kva dei gjer heilt konkret fram til neste nettmøte fem timar seinare, er det umogleg for lærarane å ha full kontroll på. På avstand.

– Det var nok ein god del elever som tenkte at dette blei ein tidlig påskeferie. For oss har det vore kjempeviktig å sjå kvarandre to gonger om dagen. Det er utroleg godt og kjekt å både sjå og høyre elevane, seier Steffensen.

Aktivitetsplikt på vidaregåande
MØTES KVAR TIME: Lektor Kristine Nymark Aasen møter elevane på nett kvar skuletime for å gje dei oppgåver. Mot slutten av timen ser ho dei igjen på skjermen for å oppsummere.

– Eg saknar kollegaene, lunsjpraten og det å møtast i gangen, seier Kristine Nymark Aasen, kontaktlærar for ein av avgangsklassane på Sotra vidaregåande skule. Ho sit også heime og underviser, og har ansvaret for norskfaget.

– Det var litt rart å pakke saman alt på kontorpulten og seie sjåast ein eller annan gong. Men eg veit ikkje om eg tenkte så mykje over kva det innebar.

Raskt var leiinga ved skulen på plass med opplæring i korleis undervise via nett, og dermed blei lærarane fort trygge på plattformane.

No har ho akkurat høyrt elevane framføre digitale presentasjonar om særemnet sitt.

– Vi prøver å gjere det vi kan for å ha eit karaktergrunnlag, seier lektoren.

Krava til elevane på Sotra vidaregåande skule er høgare. Der har elevane aktivitetsplikt. Dei må stille til oppsette timar på timeplanen, og følgje med på skjermen frå klokka 08 til 15.

– Her må dei møte til kvar time på nett. Eg syns det fungerer fint, men skulle jo helt sett alle saman i klasserommet, seier Nymark Aasen.

– Kva lærer elevane no samanlikna med undervisninga i klasserommet?

– Dei som vil, og dei som er tilstades og gjer det dei skal, får god oppfølging. Dei går ikkje glipp av det faglege. Men dette legg meir ansvar over på dei. Det dei går glipp av er diskusjonen som ville oppstått i eit klasserom, erfarer ho.

– Eg bøyer meg i hatten!

Oppvekstsjefen i Øygarden let seg imponera av lærarane. Ho meiner det må ha vore ei enorm omveltning for mange.

– For andre er det ei noko mindre omveltning. Men endring er det for alle. Eit fantastisk nasjonalt spensthopp gjort av heile profesjonen. Eg seier som Heidi Weng: Eg bøyer meg i hatten, seier Anne-Merete Vabø Haugane.

Ho er rask med å uttykke ei uro for lærarar som merkar at dette er krevjande. Lærarar som syns det er mange nye ting på ein gong, og i tillegg må levera «live-sendingar» kvar dag, gjerne med eigne barn rundt seg heime.

Anne-Merete Vabø Haugane. Foto: LK Productions
SENKAR KRAVA: – Eg manar til fornuftig bruk av undervisningskraft, slik at alle lærarar kan vare, oppvekstsjef Anne-Merete Vabø Haugane, i Øygarden kommune. Foto: LK Productions

– Eg er litt uroa for at eit slikt spensthopp tek på kreftene til dei som opplever at dette er like hardt og krevjande kvar dag. Dei lærarane som er naturleg kreative og som hadde stor digital kompetanse, kan no gjennomføre fjernundervisninga lettare enn dei som kvar dag anstrengjer seg til det ytterste, trur Vabø Haugane.

– Spar på kreftene!

I denne ekstraordinære tida har oppvekstsjefen difor bede skuleleiarane om å senka krava både til lærarar og elevar.

– Eg manar til fornuftig bruk av undervisningskraft, slik at alle lærarar kan vare.  Vi må vare! Så eg har bede rektorane om å hjelpe tilsette med å dempe på krava og sikre at vi hjelper kvarandre til å ta det «passeleg» framover. Spare litt på kreftene til både liten og stor.

Les også

keyboard_arrow_up