– Næringslivet er livsgrunnlaget

edit today
Administrerande direktør i Sartor & Drange, Arild Bøthun, er ny styreleiar i Vest Næringsråd.

– Eit næringsliv som går godt og skaper arbeidsplassar er heile livsgrunnlaget til alle som skal leve og arbeide her. Derfor er det stas å få tillit og å få lov til å samarbeide med så mange dyktige folk i styret. Breidden i både medlemsmassen og styret gjer at vi representerer heile næringslivet. Det er viktig, og i fellesskap kan vi då bygge vidare på eit godt arbeid som er gjort gjennom mange år, seier Bøthun.

Sogningen har 14 år bak seg i den solide bedrifta på Straume, halvparten av åra i leiarstolen. I 2023 passerte dei for første gong 1 milliard i omsetning. Han har to år bak seg som styremedlem i Vest Næringsråd, og har vist eit bredt og brennande engasjement for næringsutvikling.

Vi har høyrt han seie: «Går det bra med dei andre i næringslivet, så går det truleg også bra med oss».

– Årsaka til at eg takka ja til leiarvervet er at Øygarden er viktig heimemarknad for Sartor & Drange, sjølv om vi arbeider i heile bergensregionen. Vi som skal leve av grunn, infrastruktur og bygg er avhengig av at samfunnet og næringslivet utviklar seg. Om ikkje står vi utan oppdrag og kundar. Øygarden har eit fantastisk utgangspunkt for næring og det er givande og grådig kjekt å få vere med på vidare, seier Bøthun.

På årsmøte 11. april blei tre nye medlemmar vald inn. Det gjer at styret i 2024 består av følgande personar:

  • Styreleiar: Arild Bøthun, Sartor & Drange
  • Øyvind A. Langedal, Solidenergy
  • Anja Moen Arefjord, Vex-Gruppen
  • Monica Gudmundsen, ACOS
  • Trond Helge Nyegaard, Sotra Fiskeindustri
  • Hanne Misje Lokøy, CCB (nytt styremedlem)
  • Einar Drægebø, Harris (nytt styremedlem)
  • Silvia Høines, Panorama Hotell & Resort (nytt varamedlem)
  • Grethe Bjorøy, Live2Learn (vara)

Les også

keyboard_arrow_up