Etterlengta retur til kontoret

edit today
– Dette ser vi veldig fram til, seier plassjef Bjarte Padøy på Equinor Sture og Kollsnes. 18. mai skal ein fjerdedel av dei kontortilsette, ei veke om gongen, tilbake frå heimekontor.

– Eg trur nok også personalet syns det er på tide med ei viss gjenopning av arbeidsplassen, seier Padøy.

To månader etter at han tok plass i direktørstolen for dei 350 tilsette ved Stureterminalen og Kollsnes Prosessanlegg slo unntakstilstanden til. Anlegga har hatt full produksjon, men dei rundt 130 tilsette i administrasjonen måtta arbeida heimefrå. Berre Padøy og ein til frå leiargruppa har til ein kvar tid fått gå på kontoret i tillegg til nokre få tilsette med kritiske funksjonar.

– Det har gått veldig bra, og vi er blitt racarar på digitale verkty. Men det var ikkje dette eg såg for meg då eg begynte. Vi har definitivt sakna den mellommenneskelege kontakten, innrømmer plassjefen.

Ingen i karantene
Administrasjonsbygget på Kollsnes Prosessanlegg.

Frå sentralt hald har Equinor meldt at frå 18. mai kan kontora på Sture Kollsnes, Harstad og Rotvoll i Trondheim starte forsiktig gjenopning av kontora. Årsaka til at anlegga i Øygarden får ta imot 25 % av dei tilsette er mellom anna at smittesituasjonen i kommunen og at så få pendlar med kollektivtransport.

– Smittesituasjonen er relativt bra for oss på Sture & Kollsnes. Vi har også hatt veldig få i karantene av dei tilsette. Akkurat no har vi ingen, fortel han.

Saman med ei nedsett arbeidsgruppe skal plassjefen på Sture og Kollsnes finne ut kven og på kva måte dei tilsette skal få returnera. Arbeidsgruppa skal vurdera kor mange som kan komma tilbake om gongen, og korleis dei skal rullera mellom kontor og heimekontor.

– Vi vurderer ein rotasjon der ei gruppe tilsette er på kontoret ei veke, og deretter ei ny gruppe veka etter. Det blir kjekt å komma i litt meir tilnærma normal modus igjen, fortel Padøy.

Kritiske funksjonar har kritiske vernetiltak
Administrasjonsbygget på Stureterminalen.

Gjenopninga av dei tre kontora i Noreg vil bli ein pilot for kva tid resten av dei 15 Equinor-kontora kan få opna. Men framleis vil det handla om særs strenge smitteverntiltak i bedrifta. Avstanden skal vera minst to meter til andre tilsette, maksimalt fem i kvar gruppe, og minimum ti meter mellom grupper, i tillegg til ei rekkje andre tiltak.

– Vi har hatt full drift heile tida, men mellom til dømes personalet i kontrollrommet gjeld mykje strengare smitteverntiltak. Der er det ingen andre som får lov å komma inn. Hadde vi fått smitte der måtte i vi i ytste konsekvens stengt ned.

Nedstenging ville blitt økonomisk dramatisk for Kollsnes som eksporterer gass for 120 milliardar i året. 40 prosent av all norsk gasseksport.

Les også

keyboard_arrow_up