Feira 100 år med innovasjon

edit today
Sekkingstad inviterte til gratis familiefestival, og blei overvelda av responsen. – Vi hadde ikkje rekna med at det skulle komma så mange, seier Bård Sekkingstad.

Mat til 500 personar blei mange hakk for lite. For til Skaganeset på laurdag kom 1500 bilar. Kor mange som var i kvar bil veit ingen, men at snittet var to personar er nok eit beskjedent anslag.

Frå scena fortalde Bård Sekkingstad korleis han kjente at han blomstra av å sjå folkemengda..

– Eg har ikkje finrekna på det, men truleg har vi slakta over 500 millionar kilo med laks, og rundt rekna har det gått 50 000 trailarar herifrå. Det lagar bråk og støy, og av og til luktar vi også. Av og til grisar vi. Eg vil takka naboane for at de har vore så greie å forholda seg til. Vi set utruleg stor pris på dykk, at de har halde ut med oss så lenge.

I tillegg til å gje ein familiedag med gratis aktivitetar og mat, bladde han opp 50 000 kroner til Skogsvåg ungdomslag.

I 34 år har Sekkingstad halde til på Skaganeset. Oppstarten av selskapet var det Bård sin bestefar som sto for på vestsida av Sotra. Sidan då har utviklinga gått frå hummerfiske til lakseslakt.

– Framover skal vi fortsetja med å finna på smarte ting. Vi held oss unge og skal fortsetja med å utvikla oss vidare her på Skaganeset, og det gler vi oss til, sa Bård Sekkingstad frå scena.

Les også

keyboard_arrow_up