Fire selskap vil byggje Sotrasambandet

edit today
– Dagen i dag er ein viktig milestolpe for oss som arbeider med Sotrasambandet, seier prosjektleiar Arve Tjønn Rinde.

No er det klart kven som har meldt interesse for den største enkelståande samferdselskontrakten i Norge nokon sinne. Det skriv Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Kontrakten har ein verdi på om lag 10 milliardar kroner.

Det er registrert fire kvalifiseringssøknadar, alle frå utanlandske selskap:

  • VINCI Concessions SAS
  • FCC Concesiones de Infraestructuras S.L.U
  • China Communications Construction Company Ltd.
  • ITINERA SPA
Prosjektleiar Arve Tjønn Rinde.

Prosjektleiar Arve Tjønn Rinde er godt nøgd med prosessen så langt.

– No startar den krevjande jobben med å vurdere dei innkomne kvalifiseringssøknadane. Dagen i dag er ein viktig milestolpe for oss som arbeider med Sotrasambandet, seier Rinde.

Mykje merksemd i bransjen

OPS-kontrakten er så langt den største i sitt slag i Norge og det har vore mykje merksemd i bransjen om størrelsen på kontrakten.

– Talet på grupperingar som har levert kvalifiseringssøknad ligg på nivå med det vi forventa basert på tidlegare erfaringar, seier direktør for Kontrakt og marknad i Statens vegvesen Utbygging, Bettina Sandvin.

Offentleg privat samarbeid (OPS)

Prosjektforma OPS (offentleg-privat samarbeid) inneber at Vegvesenet inngår kontrakt med eit selskap som skal finansiere, bygge og drifte strekninga i 25 år.

Fram til midten av april skal Vegvesenet gå gjennom dokumentasjon og vurdere kor vidt selskapa er kvalifiserte i høve til krava i kontraktsutlysinga. På bakgrunn av desse vurderingane skal det veljast ut tre grupperingar som går vidare til dialog og forhandlingar.

Grupperingane som blir med vidare vert valde ut på basis av erfaring med prosjektering, finansiering, bygging og drift, helse, miljø og sikkerheit (HMS), samt økonomisk kapasitet.

Les også

keyboard_arrow_up