I løpet av ti år har Sotra Fiskeindustri og Sekkingstad dobla staben. Arbeidsoppgåvene har endra seg, og produksjonen har auka. Framover treng dei meir teknisk fagkompetanse.
Neste år feirar Sekkingstad 100 år. Endringa sidan oppstart er enorme. På Skaganeset har dei gått frå eit volum på 1000 til 30.000 tonn fisk på Skaganeset med 200 tilsette.
– Vi har gått frå å vere ein enkeltmannsføretak til eit konsern med milliardomsetning. Før var det manuelt arbeid som er erstatta med digitaliserte oppgåver og maskinelt i produksjonen. Før var det levande fisk i merd, som i dag er ei blanding av bløgga og sløyd fisk, seier Even Hopland, administrerande direktør i Sekkingstad.
- Les også: Vil kartlegga kompetansen i næringslivet
Det har vore store omveltingar i heile laksenæringa.
– Før selde vi berre heil fisk, mens no tilbyr vi meir tilarbeida produkt. Heile fisken blir brukt og ingenting går til spille, fortel Hopland.

Laksenæringa ser eit større behov for teknisk kompetanse på arbeidsplassen. Den teknologisk utviklinga er allereie på plass i lakseproduksjonen for slakting og pakking.
– Robotisering blir meir og meir vanleg. Maskinene skal snakke saman, og å kunne forstå samanhengen er ein fordel. Det er krav til sporing og QR-koder. Fisken skal kunne fortelje ei historie om kor den er født, kva har den ete og kor har den svømt, seier Hopland.
– Verda treng mat og vi kan produsere den
Hopland synes det er positivt at bedriftsleiarar blir invitert til å påverka innhaldet i den vidaregåande skulen, og gje Sotra vidaregåande skule svar på kva linjer dei manglar.
– Framover kjem vi til å trenge handverkarar innan faget og spesialistar innan ESG (miljø- , sosiale- og forretningsetiske forhold). Næringa skal ikkje ete av jordas ressursar, men vi skal nytte oss av det som er tilgjengeleg, forklarer Hopland.
Det aller viktigaste er ikkje lang utdanning, men ein skule som gjer konkurransefortrinn. Utviklinga går fort og kunnskap er ferskvare.
– Elevane treng metodar for å tileigne seg ny kunnskap. Livslang læring er viktig. Laksenæringa blir ikkje den neste olja, men er ein av beina Norge skal stå på i framtida. Verda treng mat og vi kan produsere den, påpeiker han.
