For første gong med million-mål

edit today
Krafttak mot kreft er igang og har har aldri sikta så høgt. Hans Jarle Einarsen har mål om samle inn 1 million kroner.

– Dette har eg tenkt på, og eg meiner det seriøst. Ja, det er hårete, men eg har trua på det, seier eldsjela bak den årlege aksjonen.

Det er tolvte gongen Sartor Storsenter og Vest Næringsråd samarbeider om innsamlinga til Kreftforeningen. I fjor blei det sett ny rekord med 735 tusen innsamla kroner. Hans Jarle meiner million-målet er innan rekkevidde.

– Vi må legge lista høgt. Det er veldig mange bedrifter som gir år etter år, men det er mange fleire bedrifter som potensielt kan vera med og gje, meiner Einarsen. Erfaringa hans seier at rundt hundre bedrifter har for vane å delta i bedriftsstafetten. Potensialet er mykje større då det er registrert over 3000 bedrifter i kommunen.

Så mykje er samla inn:
  • 2011: kr. 177 014,-
  • 2012: kr. 255 346,-
  • 2013: kr. 331 297,-
  • 2014: kr. 447 290,-
  • 2015: kr. 605 051,-
  • 2016: kr. 509 880,-
  • 2017: kr. 625 319,-
  • 2018: kr. 501 923,-
  • 2019: kr. 680 122,-
  • 2020: kr. 415 340,-
  • 2021: kr. 735 168,-

Totalt på 11 år: Kr. 5 283 752,-

Di støtte er viktig

I år samlar vi inn penger til forsking på kreft med spreiing. Får du en kreftdiagnose, er statistikken på di side: Tre av fire overlever kreft i Norge i dag. Men med kreften følger frykta for det verste. Det eine ordet ingen kreftpasienter eller deira pårørande vil høyre er «Spreiing».

Det fines inga behandling som kan ta knekken på kreft med spreiing akkurat no.

Formålet med årets aksjon er difor å finansiera forsking på slik kreft. Håpet er at fremtidas kreftpasientar skal få meir effektive behandlingstilbod som har effekt også når kreftsjukdommen har spreidd seg. Det er desse forskarane og deira arbeid vi støttar i årets Krafttak mot kreft.

Slik kan du gje

Bli med i Bedriftsstafetten og ta et Krafttak mot kreft! Gje ditt bidrag og send stafettpinnen videre.

  • På Vipps.nr.: 451005

No Name Frisør på Sartor var den første som gav i år, dei slo til med 10 000 kroner. Og allereie har vi passert 100 000 innsamla kroner.

Les også

Meny