Har du ein kandidat til prisutdelinga?
Vest Næringsråd deler ut prisane «Årets bedrift» og «Årets fyrtårn» på årsfesten 6. november – og vi vil gjerne ha dine forslag!
Årets bedrift - firmaprisen
«Årets bedrift» er ein 28 år gammal pris i Vest Næringsråd. Kvart år har vinnaren vore med og styrka og utvikla næringslivet i regionen. (Sjå lista over alle tidlegare vinnarar nederst på sida)
Juryen består av styret i Vest Næringsråd, og dei skal gjera ei helheitsvurdering der følgjande ligg til grunn:
- Berekraft
- Økonomisk utvikling
- Omdømme
- Nyskaping
Har du eit firma i tankane som har gjort seg bemerka i 2026? Send inn ditt forslag til kari-anne@vnr.no. Frist: 25. september.
Prisen blir delt ut på årsfesten til Vest Næringsråd, fredag 6. november på Panorama Hotell & Resort.