– Før var det boss, no er det verdifullt

edit today
Sjømat-bedriftene i Øygarden finn stadig nye måtar å skape verdi av det som havet gir.
  • Avskjæret av laks blir brukt til å laga olje til Omega 3-tablettar og dyrefor
  • Skjell i sjøen rundt oss har prima kvalitet og kan eksporterast
  • Tang og tare er blitt til ny hudpleieserie

Dette er berre litt av det vi fekk høyre om ombord i M/S Vision of the Fjords då Vest Næringsråd, saman med Øygarden kommune/Øygarden næringsutvikling KF og NCE Seafood Innovation inviterte til eventet «Visjonar frå havet».

– Å delta på slike arrangement utvidar perspektivet. Det er nyttig å dele erfaringar og kompetanse. Alle kan ikkje vera gode på alt, derfor er vi avhengige av samarbeid i bransjen, sa Christine Fredheim, i Sekkingstad til Vestnytt etter arrangementet.

Vi vil takke dei lokale aktørane frå næringslivet i Øygarden, som bidrog med gode innlegg om deira utvikling av sjømatnæringa, og ikkje minst gav oss nydelege smaksprøvar frå havet: Knut Magnus Persson (Scalmarin), Robert Trellevik (Tekslo Seafood), Christine Fredheim (Sekkingstad), Chris Fredrik Simmenes (Biomega), Trond Helge Nyegaard (Sotra fiskeindustri) og Stian Trellevik (Salmoncuts As).

Sjå bilde frå eventet her:

Les også

keyboard_arrow_up