Første sjans til å påvirka arealplanen

edit today
Driv du, eller ønskjer du å driva næring ein av desse sju plassane, er det no du skal gje dine innspel til kommunen.

I tre år skal kommunen jobba med ein ny arealplan, og no startar dei første innspelsmøta.

– Ved i å delta i arbeidet med arealplanen alt frå starten av, vil du vera med og leggja føringar for det endelege resultatet. Alle skal bli høyrt, men ikkje alle kan få viljen sin, seier leiar av kommuneplanutvalet, Svein Otto Jacobsen.

Denne våren ber kommunen om innspel frå innbyggjarar og næringslivsaktørar til korleis dei sju definerte lokalsentra bør utviklast.

Det dreier seg altså om:

  • Tjeldstø
  • Toftøyna
  • Ulveseth/Møvika
  • Knarrvika
  • Fjell
  • Stranda
  • Spildepollen

Tema kommunen ønskjer innspel om handlar mellom anna om bustadbehov, tenestetilbod og potensialet for småskala næringsutvikling i desse lokalsentra.

– Bruk sjansen til å vera med å gje innspel til vidare utvikling av lokalsentra i kommunen! I desse områda vil både bustadutvikling og næringsutvikling, som til dømes handel og anna tenesteproduksjon, stå sentralt. No skal det lagast ein langsiktig plan for framtida, og det er i innspelsfasen det er størst moglegheit for å påverka arbeidet med planen, seier dagleg leiar Kari-Anne Landro.

Innspel frå møta desse stadene vil vera med i kunnskapsgrunnlaget for det vidare arbeidet med arealplanen. Med andre ord er det no næringslivet har moglegheit til å spela inn sine tankar om korleis utvikle attraktive lokalsentre.

– Det er viktig at vi får ein god prosess der flest mogleg deltek frå starten av, men det kjem fleire medverknadsrundar seinare, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Fakta:

Kommuneplanen består av to delar; ein samfunnsdel og ein arealdel:

  • Samfunnsdelen til kommuneplanen er kommunen sitt viktigaste strategiske styringsdokument. Planen set langsiktige mål og peikar ut strategiar for samfunnsutviklinga og kommunen som organisasjon. Kommunen sine langsiktige arealstrategiar skal også vedtakast i samfunnsdelen. Samfunnsdelen blei vedtatt 24. mars 2022
  • Arealdelen til kommuneplanen skal sikra at arealbruken støttar opp om og bidreg til å nå dei overordna måla som er fastsett i samfunnsdelen. Arealdelen er juridisk bindande og styrande for meir detaljerte arealplanar og utbyggingstiltak.
    Arealdelen skal etter planen vedtas våren 2027.

Les også

keyboard_arrow_up