Frå CCB stopp til CCB topp

edit today

Øyvind A. Langedal overtar styreleiar-vervet i Vest Næringsråd etter Cristian Carter frå nyttår.

For Cristian Valdes Carter er det nemleg full stopp på CCB Subsea når vi går over i 2021. Han takka i haust ja til det han beskriv som draumetilbodet, å bli Innovasjon Norge sin øvste leiar i India, og handlesråd for ambassadøren.

Den nye jobben i Dehli gjorde det naturleg nok umogleg for han å fortsetja i vervet som styreleiar.

Øyvind A. Langedal har planar om å bli i landet, og som konsernsjef i CCB syns han det var riktig å takka ja til å bli innstilt som styreleiar då spørsmålet kom. På ekstraordinært årsmøte sist veke, der vervet var einaste sak, blei han vald.

– Heilt klart moglegheiter for mange

– Eg tenkjer at det er eit spennande verv i denne spesielle tida vi er inne i, seier Langedal, og nemner dei tre store prosjekta som er i gang i Øygarden:

  • Bergen Havn Ågotnes
  • CO2-lagringsprosjektet på Kollsnes
  • Sotrasambandet

CCB har nøkkelroller i dei to førstnemnde prosjekta, og Langedal gler seg til å sjå kva heile næringslivet i Øygarden kan få til saman.

– Eg syns det passa å bli styreleiar med den rolla vi i CCB har i desse prosjekta, at vi kan få til noko saman. Det er heilt klart moglegheiter for mange aktørar til å få bidra. Prosjekta er så omfattande at det er mange underleverandørar som skal til, minner han om.

Friluftsinteressert bestefar

– Vest Næringsråd har ei viktig rolle i å vera den som skapar arenaer for informasjon for næringslivet, og arenaer der bedrifter kan møta kvarandre. På mange måtar akkurat slik CCB blei bygd opp, meiner Langedal.

55-åringen er økonom-utdanna frå NHH, og har jobba ved CCB sidan 1998. Mellom 2016 og 2019 hadde han kontorplassen sin på Mongstad, men så bar det tilbake til Ågotnes der han no er konsernsjef. Han speler golf, jaktar hjort og speler fotball med barndomsvener. I tillegg til å vere aktiv på sjøen ved hytta i Austrheim, og på fjellet rundt hytta på Kvamskogen. Langedal er gift og har fire vaksne søner. I fjor blei han bestefar for første gong.

– Det er viktig å ha eit liv utanom jobben, syns han.

Styret i Vest Næringsråd ser dermed slik ut fram til årsmøtet 2021:
Styreleiar:
  • Øyvind A. Langedal – Administrerende direktør CCB AS (fram til årsmøte 2021)
Øvrige styremedlemmer vald i mai 2020:
  • Jannicke Sekkingstad Johannson – Sales Director Sekkingstad AS (1 år)
  • Christina Bollmann Lie – Dagleg leiar Cornelius AS (1 år)
  • Kjersti Nordøy – Leader Communications Equinor ASA (Kollsnes/Sture) (1år)
  • Kai Andre Stæger-Holst – Dagleg leiar Salmo Terra AS (Ny 2 år)(fra vara)
  • Gert Chr. Strindberg – Adm. Direktør Fabtech AS (NY 2 år)
  • Marianne Furheim – Dagleg leiar Straume Mesterbygg AS (NY 2 år)
Vara:
  • Kari-Anne Landro – Tidlegare ordførar i Sund (NY 1 år)

Les også

keyboard_arrow_up