Styreleiaren flyttar til India

edit today
Fem månader etter at Cristian Valdes Carter blei vald til styreleiar i Vest Næringsråd kom meldinga om at han trer av frå vervet frå nyttår.

På styremøte fredag 16. oktober fortalte Valdes Carter at han hadde fått eit tilbod det var umogleg å sei nei til. Han har levert oppseiinga til CCB, og skal frå nyttår begynna i ny jobb i Innovasjon Norge – i India.

Fram til nyttår skal han fullføra jobben sin på Ågotnes, men frå då av blir det vanskeleg å vera tett på arbeidet som styreleiar i Vest Næringsråd. Eit verv han har hatt sidan 14. mai.

Må finna ny styreleiar

– Det har vore ei hektisk tid, og vi har fått til mykje saman på kort tid. Eg har hatt eit godt samarbeid med Rikard og styret, og er heilt trygg på at dette vil bli godt ivaretatt av eit nytt samansett styre med ein ny styreleiar framover, seier han.

Cristian Valdes Carter har hatt ei nøkkelrolle i etableringa av Bergen Havn Ågotnes. CCB er også involvert i CO2-lagringsprosjektet som no verkeleg ser ut til å bli verkeleg.

– Korleis er det å gje seg no?

– Eg har jo hatt stor glede av å vera involvert i prosessane du nemner, og kjem til å vera det fram til eg sluttar. Særleg med Bergen Hamn Ågotnes som snart går over i ei ny fase. Eg likar ikkje å gå frå noko halvgjort, og difor er det godt at det ligg til rette for at andre no kan ta det vidare, seier han.

Vil jobba for Øygarden – frå India

Valdes Carter meiner næringslivet i Øygarden verkeleg har framtida framfor seg, med enorme moglegheiter.

– Og det er eg heilt sikker på at eg kjem til å høyra meir om sjølv om eg sit på andre sida av jorda. Eg skal i alle fall vera ein veldig god ambassadør for næringslivet i Øygarden, og for mi bedrift CCB, som eg er blitt veldig glad i i løpet av desse seks åra.

Gjennom arbeidet for Innovasjon Norge skal han vera orientert mot – og vera ein fasilitator for – norsk næringsliv. Derfor trur han også at han kjem til å ha kontakt med bedrifter i Øygarden.

– Næringslivet på Vestlandet har verkeleg mykje kompetanse som dei vil ha veldig stor nytte av i India. Til dømes innanfor energi, fiskeri, smarte byar og marin forsøpling. Det er store behov der nede, og det ligg til rette for gode synergieffektar, meiner han.

Vest Næringsråd ønskjer styreleiaren lukke til i den nye jobben!

STYRET: Frå venstre: Cristian Valdes Carter, Kjersti Nordøy, Christina Bollman Lie, Gert Strindberg, Marianne Furheim, Kai Andre Stæger-Holst, Jannicke Sekkingstad Johannson og Kari-Anne Landro.

Les også

keyboard_arrow_up