Frå null til ti på to år

edit today
Hydraulikkspesialistane HydPro har vakse langt fortare enn dei trudde. Før nyttår kan tilsett nummer tolv vera på plass.

− Vi ventar å vera 14-15 tilsette i løpet av neste år, seier Arild Fjellhaug.

Arbeidsplassen som både han og Kjetil Angelskår hadde, forsvann då NTOS seinare Advantec/GE Oil & Gas blei lagt ned på Ågotnes. Men dei to var ikkje rådville, og tok kontakt med Steinar Landro med spørsmål om han ville vera med dei og starta eiga verksemd.

Landro, som tidligare var sjef i Aker Solutions på Ågotnes blei trigga av tanken, og vart med på laget.

− Eg hadde ein veldig trygg jobb, men i ettertid tenkjer eg at eg burde prøvd dette tidlegare. All erfaring seier at har du tenkt tanken, så gjer det, seier Landro no.

Produserer og leiger ut

For HydPro er blitt ein suksesshistorie. Sjølv om historia førebels er kort. Då verksemda blei etablert i oktober 2017 var den 700 kvadratmeter store verkstaden på CCB-basen tom. No har verksemda oppdrag som tilseier at dei burde vore 12 tilsette allereie.

Kjerneverksemda er å designa og byggja hydraulisk og mekanisk utstyr slik kundane vil ha det. I tillegg utfører dei service- og vedlikehald på hydraulisk utstyr, og leverer ventilar, pumper, filter og koplingar.

Ein stor del av verksemda er også utleige av utstyr. Til dømes hydraulikkaggregat i alle størrelsar.

Kundane er ikkje berre olje- og gass-verksemder. Men også kraftverk, fiskebåtar og landbasert industri.

LÆRLING: Henrik Litlekalsøy er for tida lærling i HydPro på Ågotnes.
Trur på dobla omsetning om få år

− Det er verkeleg gøy å vera med og byggja opp noko heilt frå scratch. Vi held kostnadene nede og leverer på kvalitet. Målet er at både tilsette og kundar alltid er fornøgde, seier Steinar Landro.

Dei tre gründerane meiner omsetnaden kjem opp mot 20 millionar i år, med positivt resultat. Om to-tre år trur dei på ei dobling.

− Ein klarer ikkje å prestera om ein ikkje legg lista høgt. Vi må prøva å utfordra oss sjølve, seier dei.

Dei takkar verksemdene rundt seg på CCB for suksessen, og nemner CCB Yard Services som ein god samarbeidspartnar.

− Vi nyttar oss også av lokale underleverandørar. Det er bra at vi jobbar for kvarandre og viktig for å oppretthalda næringslivet. Det er så utruleg mykje kompetanse her ute, meiner Steinar Landro.

Les også

keyboard_arrow_up