Gir seg i Vest Næringsråd

edit today
Rikard Toft Ledang blir ny konsernsjef i Sotra Gruppen.

54 åringen fra Kolltveit fekk akkurat lagt ned 4 års innsats i å styrke og utvikle Vest Næringsråd, før det kom ein moglegheit han ikkje kunne sei nei til.

– Eg er operativt skrudd saman og det skal bli spennande å få bli med på utviklinga i Sotra Gruppen framover, seier Ledang.

  • Les kva Sotra Gruppen skriv i si pressemelding her!

For Vest Næringsråd betyr dette at organisasjonen må på jakt etter ny dagleg leiar. Styreleiar Øyvind A. Langedal fekk oppseiinga i fanget tysdag morgon, og vil først drøfte situasjonen med resten av styret i møte 02.06.22. Arbeidet med å finne Rikard sin etterfølger vil nok uansett starte umiddelbart.

– Rikard har gjort ein utmerka jobb. Han har utvikla og løfta Vest Næringsråd, og dermed næringslivet i Øygarden på mange måtar. Han er godt likt, og har vore ei tydeleg og god stemme – og ansikt utad desse åra, seier Langedal.

– Vi ønskjer naturlegvis Rikard lykke til i ny jobb, og må erkjenne at det kan bli krevjande å finne Rikard sin erstattar. Vest Næringsråd har ein sterk posisjon i Øygarden, og stillinga som dagleg leiar bør være ein interessant posisjon for mange.

Ledang tiltrer stillinga som konsernsjef i Sotra Gruppen i løpet av hausten 2022.

Les også

keyboard_arrow_up