– God folkehelse å sleppa å bruka tid i bilkø

edit today
For at arbeidet med Sotrasambandet skal gå så smidig som mogleg kommunen til rette for bruk av heimekontor dei neste åra. Ordføraren ber næringslivet gjera det samme.

Arbeidet med Sotrasambandet vil føra til omleggingar og periodar med avgrensa trafikkflyt. Øygarden kommune har difor utarbeidd retningslinjer for hybrid arbeidskvardag.

– Vi vil gjerne bidra til at arbeidet med Sotrasambandet vert gjennomført så smidig som mogleg. Ei hybrid arbeidsordning med delvis bruk av heimekontor for kommunetilsette vil vera eitt av fleire tiltak for redusera bilbruken og dermed trafikkbelastninga i ein krevjande periode fram til at sambandet er klar til bruk 1. juni 2027. Det er også god folkehelse å sleppa å bruka tid i bilkø, seier kommunedirektøren.

Den hybride arbeidsordninga er ein kombinasjon av heimekontor og arbeid på fysisk arbeidsplass.

  1. Sporadisk bruk av heimekontor. Dette inneber at tilsette har heimekontor inntil åtte dagar i månaden. Dette krev ikkje ein individuell avtale, men det krev ein lokal rutine om sporadisk bruk av heimekontor for eininga (avdelinga).
  2. Individuell avtale om heimekontor. Denne type hybrid arbeidskvardag inneber at den tilsette arbeider heime meir enn åtte dagar i månaden. Dette er ikkje ein rett som arbeidstakar har, men ein moglegheit.

Kommunedirektør Johnny Breivik seier at erfaringar med bruk av heimekontor under koronapandemien viser at ei ordning som dette vil vera god for både arbeidsgjevar, arbeidstakar og trafikksituasjonen i og rundt Straume-området og på strekninga mellom Øygarden og nabokommunane.

– Eg meiner at dette kan vera ei ordning næringslivet også kan nytta i mindre eller større grad i tida framover. Dette vil vera eit viktig bidrag til å redusera trafikkbelastninga når vi no går inn i ein anleggsperiode over fleire år, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Les også

keyboard_arrow_up