– Har ein imponerande CV

edit today
Vest Næringsråd har engasjert Sirianne Arnestad Hellerud i ein 50 prosent prosjektstilling.

– Sirianne har ein imponerande CV for å vera 23 år gammal, seier Rikard Toft Ledang, dagleg leiar i Vest Næringsråd.

For ikkje lenge sidan sat Arnestad Hellerud og jobba nokre dagar i det opne kontorlandskapet i Gründerparken Vest. Det var ein av gründer-bedriftene som hadde engasjert ho til å lage ein HMS-plan for verksemda. I kontorlandskapet kan kven som helst med behov for ein kontorplass sitje ein periode.

Nytilflytta

– Eg var nysgjerrig og lurte på kvifor ho var her, og då svara ho at ho nettopp hadde flytta hit til kjærasten på Brattholmen, og leita etter jobb, fortel Ledang.

Den daglege leiaren har arbeidd med rekruttering, og fekk sjå CV´en hennar.

– Ho har ein imponerande CV med gode referansar. Det gjorde at vi ville gje ho ein liten stilling, slik at ho kan skaffe seg eit nettverk her ute, seier han.

– Open for nye utfordringar

– Eg gler meg til å kjenne at dette er heim, seier Sirianne, som no prøver å finne seg full jobb.

– HMS er fagfeltet mitt, og det trivs eg veldig godt med. Men eg er open for andre utfordringar, og har også med meg mykje erfaring med administrative oppgåver, fortel ho.

Utdanninga hennar er bachelor i organisasjon og leiing ved Høgskulen Innlandet, avdeling Lillehammer. Medan ho studerte blei ho «Norgesmester i Sosialt entreprenørskap», under Norgesmesterskap for studentbedrifter.

Ringjer plutseleg

– Vi har tilsett Sirianne i prosjekt med 50 prosent. Det gjer at ho kan bruke resten av tida til å bli kjent med nettverket vårt og søke jobbar.

– Korleis vil medlemmane i Vest Næringsråd merke at Sirianne har starta hos oss?

– Det er snart årsmøte, og vi skal hente inn fullmakter. Dét skal ho få hjelpe oss med. I tillegg treng vi å oppdatere ein del informasjon om medlemmane våre. Dét kan det også hende medlemsbedriftene får ein telefon frå Sirianne om, forklarar Ledang.

Les også

keyboard_arrow_up