– Heilt avgjerande at skulen heng med på utviklinga
– Eg trur ikkje du finn ein lærar i Noreg som vil kaste alle bøkene ut av skulen. Vi forstår at det er både òg. Vi må finne den gode bruken av digitale verktøy, meiner Ingvild Vikingsen Skogestad. Her saman med innleiar Simen Spurkland.

– Heilt avgjerande at skulen heng med på utviklinga

14. februar | Tekst: Anders Ekanger
Utanfor, i mediespaltene ropar foreldre og forståsegpåarar om for mykje skjermbruk i skulen. Inne på Digg Læring-konferansen blei skulen i Øygarden hylla for å brøyta veg for andre.

– Kunstig intelligens (KI) skal ikkje ta over undervisninga, men det å leike med det, bruke det som en fagleg sparringspartnar kan vera kjempegivande, seier Simen Spurkland.


Han er lærar, høgskulelektor og forfattar, og held foredraget: «Jakten på ekte intelligens i kunstige tider – å være lærer i en digital jungel» på konferansen. I salen sat 430 lærarar, skuleleiarar og kommunetoppar frå heile Vestlandet og lytta.


Spurkland tok for seg motstanden han opplever rundt bruk av digitale verktøy i skulen, og løfta fram kor viktig det er at skulen ikkje blir hengande etter næringslivet og resten av samfunnet.


Driv samfunnet framover

– Det er heilt avgjerande og heilt openbart at skulen må henge med. Vi skal ikkje innføre kunstig intelligens berre fordi det finns. Vi må finne ein balanse. Men viss vi ikkje begynner å lukte på kva det kan bety og korleis det ser ut, då aukar vi aldersgapet. Vi veit at elevane våre i dag kjem til å bruka KI som vaksne, og då må dei på ein eller annan måte læra seg å forholda seg til det i trygge rammer, meiner han.


Spurkland kallar det «våge-kompetanse». Han meiner utfordringane rundt relevans og motivasjon i skulen vil bli større viss ein nektar å ta litt i verktøy som kan virke overveldande og litt skumle.