Hentar italiensk vinmakar til Alvheim

edit today
I den mørkaste og kaldaste tida på året, skal Alvheimstuene skapa sydeuropeisk stemning. – Kall det gjerne vinsmaking, sydentur og nyttårskonsert, seier Anette Rydståle.

Tenk deg at du svingar inn på grusvegen. Du er framme på vingarden, og sola står rett imot. 29 mål med vinmark på begge sider. Vinranker på rekke og rad med mørkeblå druer hengande i klasar.

Dette er ikkje i Øygarden. Dette er Salvano, mellom Barolo og Barbaresco, området i Piemonte, der CEO og eksportmanager Massimo Sobrero kjem i frå.

Berre namnet hans varmar i vinterkulda.

Lørdag 20. januar kjem han til Alvheimstuene og skal stå for historiefortellinga og vinsmakinga.

Anette Rydståle og Trond Birkeland driv Alvheimstuene. No vil dei skapa varm stemning i ei kald årstid.

– Eg kan lova ein komprimert italia-tur, og eit gastronomisk show, seier Anette Rydståle, som sjølv skal diska opp fem, kanskje fleire retters gourmetmiddag.

– Vi har lyst til å få ting til å skje her ute, og har inntrykk av at vi må vekka folk litt. Dei er ikke så vant til at det kan skje slike ting i nærområdet, og dette blir unikt. God mat, god vin og god kunnskap, lovar ho.

I tillegg blir det italiensk swung over det musikalske innslaget. Anette vil ikkje seie anna enn at det blir sjeldent vakkert.

  • Sjekk medlemstilbudet på vinsmakinga her!

Det er vinimport-firmaet i Bergen, som Alvheimstuene samarbeider med, som har sørga for at den italienske vinmakaren kjem til den nordre delen av Øygarden.

– Dei importerer berre kvalitetsvin frå Italia, og vi har seld veldig mykje av produkta deira her ute. Så no kjem vinmakaren sjølv til oss. Det er ikkje kvar dag, og det er så gøy å laga i stand ein slik happening, smiler Anette.

Les også

keyboard_arrow_up