Her er den nye leiaren

edit today
Tidlegare Sund-ordførar Kari-Anne Landro er tilsett som dagleg leiar i Vest Næringsråd etter Rikard Toft Ledang.

Landro kjem frå BKK Nett, der ho har leia operasjonssenteret sidan starten av 2020. No byter ho ut jobben i Solheimsviken til fordel for næringslivet sin medlemsorganisasjon i Øygarden.

– Ein dag fylt av kontrastar. Vemodig å gå frå ein god arbeidsplass, samtidig som det blir spennande å vera med og bidra til utviklinga av næringslivet i Øygarden. Eg gler meg til det, seier Landro.

Grundig prosess

Styret i Vest Næringsråd sette ned eit utval som gjennomførte prosessen med bistand frå eksternt rekrutteringsbyrå. Styreleiar Øyvind A. Langedal har leia jakta etter ny leiar, og fortel at Landro stakk seg ut mellom søkjarane.

– Eg er trygg på at styret har gjort det rette valet. Kari-Anne lever og andar for Øygarden og næringslivet her. Ho har eit stort nettverk, og kjem til å fylle denne viktige rolla utmerka, meiner Langedal.

– Er veldig motivert

Kari-Anne Landro er utdanna sivilingeniør ved NTNU i Trondheim. Ho arbeidde i Equinor då ho overtok ordførarkjedet i Sund i 2013. Ordførar Ove Trellevik blei vald inn på Stortinget, og Landro blei vald til å ta over. Då hadde ho vore medlem av Sund kommunestyre i ti år. Landro blei attvald som ordførar i 2015, og var med på heile prosessen rundt kommunesamanslåinga.

– Det blir fint å ha arbeidsplass vest om brua igjen, men først og fremst er eg veldig motivert for å gå inn i den viktige rolla det er å leie næringsrådet. Vest Næringsråd har opparbeidd seg ein posisjon eg likar, og gjennom vervet som styremedlem i organisasjonen det siste året har eg sett kva område vi også kan utvikla vidare, seier Landro.

Avtroppande dagleg leiar, Rikard Toft Ledang, meiner styret har gjort ein imponerande jobb som har klart å kapra Kari-Anne.

– Ho har alt det som skal til for å løfta Vest Næringsråd vidare, meiner Ledang.

Kari-Anne Landro startar i den nye jobben 1. desember 2022.

Les også

keyboard_arrow_up