– Ikkje alle norske når opp

edit today
Sotra Link er i gang med arbeid på sju av 11 prosjektområder, og held tidsplanen mot 1. juni 2027. Framover vil internasjonale underleverandørar i større grad bli med i arbeidet.

Kommunestyret fekk torsdag ei statusoppdatering om bygginga av det nye Sotrasambandet. Administrerande direktør Christopher M. Bjerke orienterte dei folkevalde om at det meste går etter planen til no. Dei siste vekene er det sett i gang arbeid i sju av 11 prosjektområder strekninga er delt inn i.

  • Les meir om prosjektområda her!

– Arbeidet er i rute, og er godt fornøyde så langt. Vi er der vi skal vere, sa Bjerke til kommunestyret.

140 tilsette jobbar no utfrå hovudkontoret i Knarrevik. I tillegg kjem ei rekkje konsulentselskap som bidrar for Sotra Link.

– Vi har også begynt å knytte til oss underleverandører, kunne han fortelje.

I dei seks grøne prosjektområda er arbeid starta, i tillegg til den blå, sjølve brua, der ein er igang med fundament til brutårn.

På spørsmål frå politikarane om korleis det låg an med å knytte til seg lokale underleverandørar, svara Bjerke at konkurransen er tøff.

– Det har vore stor interesse frå lokale underleverandørar, og det har vore veldig hyggjeleg. Det har vore mange møter, og vi har hatt dialog. Dessverre når ikkje alle opp, sa han til politikarane.

– Vi har satt opp kriteria kvalitet, pris, HMS og ytre miljø. Dersom dei er konkurransedyktige så er ingenting betre enn å ha lokale krefter. Til no er dei fleste vore lokale, men framover kjem det også til å bli internasjonale underleverandørar der dei norske ikkje har vore konkurransedyktige eller ikkje har ønska å levere tilbod, forklarte Bjerke.

Les også

keyboard_arrow_up