Inviterer til industrifelleskap

edit today
− Dess meir vi tenkjer på dette dess meir utkrystalliserer idéen seg, seier Jan Rune Skoge.

Tre store kombinasjonsbygg med kontor og tilhøyrande verkstad i alle. Det er dette Skoge viser oss rundt i.

Panoramautsikt over CCB-basen.

I det eldste bygget dreiv Skoge Vestnorsk Hydraulikkservice i si tid. Verksemda vart seld til Macgregor Norway i 2007. No er det Øygarden Dekksenter og Bergenhus Bygg og Anlegg som leiger der.

− Ågotnes vil bli attraktivt igjen!

Dei to nyaste og mest moderne bygga mot nord, står tomme. Og det er dette Skoge vil gjera noko med. No vil han ha liv, mennsker og verksemder i alle bygga.

− Det blei stillare her ute for fem år sidan, men no ser det ut til at industrien har tatt seg opp igjen. Det er berre eit spørsmål om tid før Ågotnes blir eit attraktivt område igjen, meiner han.

Idéen hans er å starte industrifellesskap der han inviterer verksemder som driv med ulike ting til å vere under same tak, og til eventuelt å dele verkstad.

Ambisjonen er at fellesskapet skal bidra til vekst for små og mellomstore verksemder i den nye storkommunen.

Du kan lese meir om konseptet på hans eiga nettside.

− Eg har tenkt på denne felleskapsløysinga lenge. No vil vi gjera noko, seier Skoge.

Dele etasje og verkstad?

− Alle har vore små ein gong, og vore avhengige av andre. Mykje er enklare når ein er under same tak, meiner han.

Her vil han leige ut småkontor og større kontor med fellesareal og kantine. I kvart av dei nyaste bygga er det tre etasjar med kontor. Berre i den eine av etasjane har han 265 kvadratmeter kontorplass til 11-13 personar.

− Og den beste utsikta på Ågotnes, smiler han.

Bygga er fleksible og veggane kan flyttast akkurat slik framtidige leigetakarar ønskjer seg.

− Kanskje det er ein røyrleggjar, ein elektrikar og ein blikkenslagar som samarbeider og som ønskjer å jobbe frå same stad? Her kan dei gå saman om til dømes verkstadlogistikken, og dele, seier Jan Rune Skoge.

Les også

keyboard_arrow_up