– No er ukrainarane klare for å jobbe!

edit today
I fjor kom det 200 flyktningar til Øygarden, 170 av desse frå Ukraina. Etter eit år med norskkurs, er håpet for mange av dei no å få seg jobb.

Saman med NAV, Vest Næringsråd og Øygarden næringsutvikling inviterer Øygarden kommune bedrifter til å bli kjent med alle flyktningar som bur her, og prøve å finne ein god match.

– Det er ein annan situasjon for dei no enn då dei kom. For eit år sidan var dei ikkje klare for arbeid, men no er dei det, seier Tetyana Omelyanyuk.

Tetyana kom til Øygarden få månader før Russland gjekk til angrep i februar i fjor. No er ho engasjert som prosjektmedarbeider i kommunen, og hjelper ukrainarane med å bli integrert i lokalsamfunnet.

– For å bli integrert er jobb veldig viktig. Nokre av dei har allereie fått seg jobb, og då sprer informasjonen seg om den store forskjellen på økonomisk hjelp og lønn, fortel ho.

Interessere for alle typar jobbar

Ei kartlegging NAV har gjort, syner at dei har arbeidserfaring og kompetanse som truleg kan vera til nytte i Øygarden.

Vi kan nemne:

  • Reknskap
  • Pedagogar
  • Juristar
  • Hotellmedarbeidar/reiseliv
  • Kjøkkenpersonale/baker
  • Sjåfør
  • Fabrikkarbeid

I tillegg har 15 ukrainske flyktningar svart at dei er interessert i alle typar arbeid. Flyktningane stiller på messa med CV og er klare til å snakke med bedrifter om moglegheitene.

– Flyktningar representerer ein ressurs for kommunen, og det er viktig at dei får kome i kontakt med arbeidslivet slik at dei kan verte sjølvhjulpne. Arbeid og språk er heilt avgjerande for å kunne lukkast i Norge, seier Kristoffer M. Møvik, prosjektmedarbeidar for messa.

Ta ein speed-date

Målet med jobbmessa er å matche dei som ønskjer jobb, med arbeidsgjevarar som ønsker arbeidskraft.

– Med god hjelp frå Øygardssamfunnet har kommunen busett mange flyktningar. No treng vi hjelp til å få utløyst det potensialet som denne gruppa har i seg som arbeidskraft, seier Kirsten Syljeset, som er kontaktperson for bedrifter som ønskjer å delta.

Jobbmessa blir arrangert tysdag 9. mai kl. 12-15 i Grønamyrsvegen 2, Vaksenopplæringa (gamle Lieco).

Kvar bedrift får ein stand der dei kan møte aktuelle arbeidstakarar for ei kort og uformell prat. Avhengig av kor mange bedrifter som vil vera til stades, kan det også bli aktuelt med korte bedriftspresentasjonar for større grupper flyktningar.

Påmelding for bedrifter skjer til:

Kirsten Syljeset, prosjektsekretær
Tlf.: 900 23 332
Epost: Kirsten.Syljeset@oygarden.kommune.no

Kristoffer Møvik og Kirsten Syljeset er klare til å opne dørene i Grønamyrsvegen 2, vaksenopplæringa, tysdag 9. mai.

Les også

keyboard_arrow_up