Kritisk for fleire bransjar

edit today
I samarbeid med Vest Næringsråd inviterte ordførar Tom Georg Indrevik ti bedriftsleiarar frå ti ulike bransjar til videomøte måndag kveld. Deltakarane var tydelege på at situasjonen er dramatisk både på kort og lengre sikt for næringslivet.
Oppsummering av innspelsmøte 30. mars 2020:

Av Vigleik Brekke, Øygarden kommune

Jamt over opplever dei fleste bransjane koronakrisen som ein dramatisk økonomisk nedtur som er umogleg å koma gjennom utan kraftige grep frå styresmaktene.  Generelt er tilbakemeldingane klare på at næringslivet først og fremst treng kontantstøtte. Utsett betaling og reduserte offentlege avgifter hjelper litt, men er ikkje tilstrekkeleg for dei bransjane som er kraftig ramma.

Bygg- og anleggsbransjen merkar også konsekvensane av koronakrisen, men er ikkje ramma av permitteringar i den grad som andre bransjar.

– For oss merkar vi stadige varslar om prisauke på materialer, noko som vil ha stor betydning for innkjøp framover. Elles er vi redde for konsekvensane av eventuell smitte på byggeplassene, sa dagleg leiar i Straume Mesterbygg, Marianne Furheim, som også understreka at kommunen ikkje må stoppa kommunal saksbehandling, og spesielt prioritera prosjekt som gir aktivitet i kommunen.

Geir Ekren frå Sotra Kran kunne fortelja at vel 70 prosent av arbeidsstokken er permitterte. Dei hadde mange arbeidarar på Bybane-tunnelen til Fyllingsdalen der arbeidet no er stengd ned.

– I tillegg står ein del andre byggeprosjekt no på vent, så vi har fått merka dette hardt, seier Ekren.

Han meiner kommunen må framskunda byggeprosjekt og leggja opp til at lokale entreprenørar kan gjera jobben. Nasjonalt meiner Ekren at kommunane må få pengar til å setja i gang slike prosjekt.

Per Oddmund Særsten i LOS Elektro opplever at det er mindre etterspurnad innan olje- og gass og i den private marknaden. Innan det offentlege er det framleis godt med oppdrag.

Avhengig av pengestøtte

Tidlegare administrerande direktør i CCB, Kurt Rune Andreassen, representerte mellom anna Solid Energy AS. Han sa at situasjonen er ganske ulik for verksemdene på industriområdet på Ågotnes. Han meiner det aller viktigaste no er at store aktørar får oppretthalda aktiviteten.

– Det bedriftene treng er aktivitet, og då er det viktig at dei store aktørane opprettheld tilnærma normal aktivitet, seier Andreassen, og viser til innsparingane i oljeindustrien som vil gå hardt ut over leverandørane.

– Nokre bedrifter har full drift, medan andre opplever bråstopp. Solid Energy er avhengig av utanlandsk arbeidskraft og har permittert 300 tilsette. Det viktigaste for små- og mellomstore bedrifter er direkte pengestøtte til dekning av løpande faste kostnader når inntektene fell bort. Gjelda må heller ikkje få byggja seg opp gjennom krevjande rentebelastning, sa Andreassen.

Senterdirektør på Sartor Storsenter, Thomas Skålnes, sa at situasjonen er dramatisk for handelsnæringa. Om lag 50 forretningar er stengde. Besøk og omsetnaden i forretningane er redusert.

– Det er 1 300 tilsette på senteret. Fire-fem hundre av desse kan no vera permitterte. Omsetnaden er redusert med 30 til 35 prosent samanlikna med same periode i fjor. Eg oppmodar folk om å bruka senteret. Vi kan starta ein kampanje for å bruka det lokale næringslivet, sa Skålnes som også understreka behovet for likviditetsstøtte til små- og mellomstore bedrifter. Han understreka også at det er trygt å gå på senteret og at kjøpesenteret bør kunna vera ope.

Dagleg leiar i Sotra Sportsklubb, Dan Christensen, sa at klubben vert ramma av dramatiske inntektsbortfall når fleire messer vert avlyste.

– Vi har permittert 57 tilsette (25 årsverk). Kontingentbetalina har stupt, og det er tomt for folk i anlegga med unnatak av pandemilegevakta som er etablert her. Vår største utfordring er likviditeten, sa Christensen som gjerne ser for seg eit samarbeid med næringslivet og kommunen. Han oppmoda politikarane om å vera tydelegare og samstemte når det gjeld restriksjonar og ikkje minst oppmjuking av restriksjonar når vi kjem så langt.

– Det må ikkje vera grunnlag for eigentolking, meiner Christensen

Christina Bollmann hjå Cornelius Sjømatrestaurant representerer ein bransje som er dramatisk ramma av koronakrisa.

– Vi vart ikkje beordra stengt, men vi mista brått alle kundane. Det er så dramatisk for oss at vi er usikre på om det er lønsamt opna før april 2021. Vi har store likviditetsbehov, og det er berre kapital og likviditet som gjeld. Eg er redd for at 50 prosent av denne næringa vil forsvinna, sa Bollmann.

Også Øyvind Sæthre i Travelmate opplever full stopp i dei kortsiktige inntektene.

– Vi har vakse og opplevd eit eventyr. No ber eg stortingsrepresentantane å ta med seg at pakkereiselova knekkjer reiselivsbransjen. Til kommunen seier eg; bruk oss!

Stengde på dagen

Espen Marthinussen i Marth opplevde bom stopp då frisørane måtte stengja om ettermiddagen den 12. mars.

– Frå den 13. mars har omsetninga vore null. Alle dei tilsette er permitterte. Vi har hatt ein sunn økonomi, men no er driftskapitalen dramatisk svekt. Utan ein solid pakke frå styresmaktene, ser eg svart på situasjonen, sa Marthinussen.

I tillegg til representantar frå ulike bransjar, deltok varaordførar Atle Dåvøy, kommunedirektør Rune Lid og stortingsrepresentantane Ove Trellevik (H) og Tom-Christer Nilsen (H). Møtet vart leia av dagleg leiar i Vest Næringsråd, Rikard Toft Ledang.

– Vest Næringsråd tok tidleg avgjerda samen med styret om at vi ønskjer å stå på for medlemene våre, i ei tid vi verkeleg opplever at dei treng oss. Det blir nok tøft økonomisk for oss også etter kvart. Vi gjekk inn i krisa med ein god likviditet, etter to år med kraftig omstilling og effektivisering av drifta. Det er sjølvsagt ikkje kjekt å sjå at eigenkapitalen vert eten opp, men eg er overtydd om at vi kan vera ein forskjell no, sa Ledang.

Ordførar Tom Georg Indrevik seier at møtet var svært nyttig og informativt.

– Vi har fått tydelege tilbakemeldingar om at koronakrisen treffer oss kraftig. Eg har notert ned alle innspela som er komne inn. Mellom anna vart det teke til orde for å ta initiativ til ein lokal kampanje for å bruka det lokale næringslivet. Det er også viktig at kommunen prioriterer å behandla plan- og byggjesaker, seier Indrevik. Ordføraren presenterer ei skisse for tiltak retta mot næringslivet når formannskapet skal ha møte den 1. april.

Kommunen vil vera proaktiv

Varaordførar Atle Dåvøy sa at det var surrealistisk å høyra på situasjonen i næringslivet. Han understreka at kommunen ønskjer å vera proaktiv.

Kommunedirektør Rune Lid noterte seg forslaga som var retta mot kommunen.

– Døme på forslag eg har notert er prioritering av byggjesaker, forskotteringar og kutt i kommunale avgifter, sa Lid i oppsummeringa av møtet.

Stortingsrepresentantane Ove Trellevik og Tom-Christer Nilsen sa at dei noterte seg innspela som kom inn og vil ta dei med seg inn mot forhandlingane om dei sentrale tiltakspakkane som er på veg.

Nilsen sa at det viktigaste denne kvelden var å lytta.

– Det er umogleg å forstå kor tøft det er når livsverket er i ferd med å forvitra, sa Nilsen.

Les også

keyboard_arrow_up