16 nye lærlingar har inntatt anlegga på Sture & Kollsnes. Det skjer med omfattande introduksjon og omvising, og ein tur til Skogsøy.
– Det er veldig viktig for oss å knyte til oss lærlingar. Vi vil ha behov for arbeidskraft i åra som kjem og treng flinke fagfolk til å drifte og vedlikehalda anlegga, seier kommunikasjonsleiar Kjersti Nordøy.
Lærlingane representerer faga kjemi- og prosess, mekanisk, automasjon, elektro og logistikk.
– Denne kompetansen skal også nyttast til å jobbe med energiomstillinga som me er inne i, fortel Nordøy.
Dei nye lærlingane har ei travel introduksjonsveke med varierte inntrykk og mange menneske dei skal helse på. I tillegg blir det tid til ulike aktivitetar og ein tur til Skogsøy. Etter introduksjonsveka får lærlingane utdelt arbeidstøy, og møter avdelingane og skifta dei skal arbeide i.
– Det er ekstra stas at det er mange lokale ungdommar som er lærlingar her i år. Og så set me sjølvsagt pris på dei som kjem langvegs frå for å gjennomføra læretida her i Øygarden. Lærlingane er framtida vår, og me skal ta godt vare på dei, seier Kjersti Nordøy.