Lita gründerbedrift til topps i verda

edit today
I konkurranse med 65 andre bedrifter frå 22 land over heile verda gjekk vesle Software Control heilt til topps.

Global Thermal Mobil App Challenge er ein internasjonal konkurranse arrangert av FLIR Systems i USA og Kreativ Distrikt i Italia. Hensikten er å få fram ny kreative idear, der mobilappar er integrert med termokamera.

I kategorien «Connected Industri Application» gjekk Software Control heilt til topps med å integrera varmesøkande kamera til rapporteringsverktøyet sitt iDoc.

– Dette vil gje oss eit veldig løft. Vi har stor tru på at dette opnar nye marknader for oss, og at det vil hjelpa oss vidare, seier Bernth Torsvik, som har kontor i Gründerparken Vest.

Sparar inn 1/3 av arbeidstida
Bernth Torsvik
Bernth Torsvik i Software Control.

Saman med programutviklar Ove Steinsland på Stord, starta Torsvik Software Control for fire år sidan. Torsvik som er erfaren EL-kontrollør ville utvikle eit system som forenkla jobben, og korta ned på arbeidstida.

Det har han klart.

– Målet var å kunna bli ferdig med EL-kontroll i felt. Difor har vi laga eit verktøy som kontrollørane kan bruka på telefon eller iPad, forklarar Torsvik.

Tidlegare måtte kontrollørane skriva ferdig rapportar vel tilbake på kontoret. iDoc gjer at både registrering og rapportering kan utførast under sjølve kontrollen, og lagra i skyen.

– Det er enormt med tid å spara på dette. Ved å innføra iDoc viser det seg at minst ein tredel av tida blir spart på ein kontroll, fortel han.

– Eit stort konkurransefortrinn

Den internasjonale anerkjenninga frå FLIR Systems handlar om at også analyse av er innlemma i iDoc. Altså rapportering om mogleg varmgang i eit elektrisk kontaktpunkt.

FLIR er eit av dei største selskapa i verda når det kjem til termofotografering eller termografi. I desse korona-tider kan utstyr frå FLIR til dømes avsløra kven som har feber i ei folkemengd. Termografi blir også nytta i militæret, olje- og gassbransjen, innan medisin (til å finna betennelse) og i det sivile liv.

– For oss er det god anerkjennelse berre å få kontakt med FLIR. No får vi ei FLIR-godkjent løysing som vil gje oss eit stort konkurransefortrinn framfor andre. Ingen andre av våre konkurrentar har dette, seier Torsvik.

Vel 50 norske bedrifter nyttar idag iDoc. Selskapet har vakse rundt 15 prosent kvar einaste månad siste halvåret, og frå 1. mai går også Bernth Torsvik inn på fulltid i tillegg til programvareutviklar Ove Steinsland.

– iDoc er blitt svært godt mottatt i bransjen, og vi opplever at vi tek stadig større delar av marknaden. Men anerkjennelsen frå FLIR gjer at det opnar seg dører også utanfor Norge, og vi er allereie i dialog med internasjonale kundar, fortel Torsvik.

Vi legg til rette for deg som ønskjer å skapa arbeidsplassar, uansett om ønsket kjem fra ein heilt sprø innovativ idé, eller eit sterkt ønske om å starte for deg sjølv.

  • Rimelege kontor av ulik storleik, møterom og fellesareal
  • Kurs og seminarer med kompetanse- og finansieringsmiljøet
  • Møteplass for oppstartbedrifter i Øygarden

Les også

keyboard_arrow_up