Reduserer aktiviteten i mars og april

edit today
Vest Næringsråd utset treff på grunn av uvissheita rundt koronasmitte.

Nærast på kalendaren var Energimessa 2020, 25.-26. mars. Den er førebels utsett til hausten. Det betyr også at Vest Næringsråd sitt «Marstreffet 2020: Energi» er det samme. Marstreffet skulle samla næringsliv og skuleelevar i ODEON kino.

Også i april var det planar om å samle medlemmane fleire gongar. Slik blir det ikkje.

– Vi følgjer råda frå Folkehelseinstituttet og Øygarden kommune, og vil ikkje samla medlemmer til treff og seminar før smittefaren er over, seier dagleg leiar Rikard Toft Ledang.

– Føler med dykk!

Fleire arrangement i kommunal regi er også avlyste eller utsette. 10. mars blei det avgjort Øygarden kommune utset alle møte som ikkje har driftskritiske konsekvensar.

Rikard Toft Ledang.

– For mange av medlemmane våre er dette ei svært utfordrande tid. Vi føler med dykk! Så må vi berre håpe vi får kontroll på viruset som spreier seg, og tru at vi kan byrje å produsere som normalt igjen om ikkje lenge. Vi vil formidle situasjonen i det lokale næringslivet i tida som kjem. Ta gjerne kontakt med din historie, seier Ledang.

Årsmøtet etter planen

Årsmøtet i Vest Næringsråd blir gjennomført slik planen er 26. mars. Årsaka er moglegheiten for fullmakter som organisasjonen har i vedtektene.

Det gjer at fysisk oppmøte ikkje er nødvendig.

– Vi oppmodar medlemmane våre til å bruka stemmeretten gjennom fullmaktssystemet i vedtektene. Ved å gje fullmakt til styreleiar i Vest Næringsråd, Carsten Andersen, støttar du sakene som er lag fram, og valkomiteen si innstilling i årsmøteinnkallinga, forklarer Ledang.

Det vil vera mogleg å delta fysisk på årsmøtet, eller gje fullmakt til eit medlem som skal vera der. Dagleg leiar, styreleiar og revisor vil vera tilgjengelige på årsmøtet.

I tråd med vedtektene blir innkalling og saksliste sendt ut til alle medlemmar, og publisert i arrangementskalenderen etter styremøtet torsdag 12. mars.

Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Rikard Toft Ledang på telefon 452 80 869, eller epost til vnr@vnr.no.

Les også

keyboard_arrow_up