Meiningsfull arbeidsveke
Bedrifter treng arbeidskraft, medan mange 10. klassingar ikkje anar kva dei vil bli. Ei meir meiningsfull arbeidsveke kan hjelpa begge partar, meiner Kari-Anne Landro og skulesjef Rune Golf.

Meiningsfull arbeidsveke

31. mars | Tekst: Anders Ekanger
Arbeidsveka på ungdomsskulen er ein unik sjanse til å gje ungdommar innblikk i bedrifta og arbeidslivet.

Du kjenner til det. Poden får melding frå ungdomsskulen om å skaffe seg ein plass å vere i arbeidsveka. Engasjementet er kanskje høgt, men tida fyk. Så kjem arbeidsveka, og ein endar opp med å bli mor eller far på kontoret, og får god tid til TikTok.


Eit worst-case-scenario der altså. Men korleis unngår vi slike situasjonar, og korleis kan vi gjera arbeidsveka til ei meiningsfull veke for eleven og næringslivet?


– Vest Næringsråd vil hjelpa til å laga ei oversikt over bedrifter som er villige til å ta imot elevar i arbeidsveke. Hugs på at fleire bedrifter skrik etter arbeidskraft, og vil gjerne visa korleis det er å jobba ho seg. Vi trur ei slik oversikt vil gjera det lettare for elevane å spørja om å få vera der, seier Kari-Anne Landro.


Arbeidsvekene i 2025:


  • Øygarden ungdomsskule har gjennomført arbeidsveka dette skuleåret

  • Sund ungdomsskule og Fjell ungdomsskule gjennomfører arbeidsveke 19. – 23. mai  2025

  • Tranevågen ungdomsskule gjennomfører arbeidsveke 2.-6. juni.