Arbeidsveka på ungdomsskulen er ein unik sjanse til å gje ungdommar innblikk i bedrifta og arbeidslivet.
Du kjenner til det. Poden får melding frå ungdomsskulen om å skaffe seg ein plass å vere i arbeidsveka. Engasjementet er kanskje høgt, men tida fyk. Så kjem arbeidsveka, og ein endar opp med å bli mor eller far på kontoret, og får god tid til TikTok.
Eit worst-case-scenario der altså. Men korleis unngår vi slike situasjonar, og korleis kan vi gjera arbeidsveka til ei meiningsfull veke for eleven og næringslivet?
– Vest Næringsråd vil hjelpa til å laga ei oversikt over bedrifter som er villige til å ta imot elevar i arbeidsveke. Hugs på at fleire bedrifter skrik etter arbeidskraft, og vil gjerne visa korleis det er å jobba ho seg. Vi trur ei slik oversikt vil gjera det lettare for elevane å spørja om å få vera der, seier Kari-Anne Landro.
Arbeidsvekene i 2025:
- Øygarden ungdomsskule har gjennomført arbeidsveka dette skuleåret
- Sund ungdomsskule og Fjell ungdomsskule gjennomfører arbeidsveke 19. – 23. mai 2025
- Tranevågen ungdomsskule gjennomfører arbeidsveke 2.-6. juni.