Mellom den gamle og den nye Sotrabrua står det eit herskapeleg hus av stein. Når døra opnar seg osar det av følelsar og dampar av kjærleik.
– Eg brenn for det fysiske møtet med kundane. Eg vil møte dei, seier Ellen Kristine Kraakenes, med eit voldsomt trykk på ordet «møte».
Det handlar ifølge Ellen om å sjå kunden, kjenne på kva ho vil ha, kven ho drøymer om å vere, kven ho er. Med seg i slike møter tar Ellen Kristine med seg over 30 års erfaring frå over tusen brude-møter.
Fins det nokon med større innblikk i tankane, følelsane og utfordringane til ei kommande brud? Vi tvilar sterkt. Ellen Kristine har også med seg ei nokså uvanleg utdanning.
– Eg har studert kjærleik i London, og kan seie at vi ikkje er supergode på følelsar i Noreg. Vi har mykje å læra der, seier ho, og smiler.
Augene smiler alltid i det milde ansiktet til ho som har vore med Belle Amie Brudesalong i opp og nedturar i over 35 år. Dei siste åtte har ho halde fast på utsikta gjennom dei tjukkaste steinveggane vi har sett sidan Nidarosdomen.

Salongen forhandlar brudekjolar frå heile verda, og sel til kundar i heile landet. Den dyraste kjolen nokon sinne seld var oppunder 90 000 kroner, dei rimelegaste ligg på 10 000 kroner.
Giftar folk seg framleis?
Ja, det gjer dei.
Talet på inngåtte ekteskap er for tida rundt 20 000 i året i Noreg. Det er det same som før pandemien. Dei som giftar seg er derimot eldre. 35 er alderen no, tolv år eldre i snitt enn på 1970-talet.
– Det får mykje pepper det ekteskapet, og det er i endring. Folk giftar seg ikkje av same årsak som før. Det er ikkje lenger praktiske grunnar til å gjere det. No opplever eg at ekteskapet langt meir er ein feiring av kjærleiken, nærleiken mellom dei to, merkar Ellen Kristine.
Inviterer til samarbeid
Når det å gifte seg har endra seg gir det også leiaren nye idear. No ser Ellen Kristine etter samarbeidspartnerar. Nokon som kan vera med og tilby den totale bryllupsopplevinga for eit vordande ektepar.
– Har du engasjement og ein draum om å gjera ein forskjell for andre, ta kontakt med meg, oppmodar ho.
Hennar livsreise og møte med eit utal bruder har leia ho til ein endå større visjon. Uavhengig om kvinner går med giftetankar, tilbyr Ellen Kristine å hjelpe dei til å finne sin indre styrke og kjærleik til seg sjølv.
– Eg har alltid vore styrt av følelsar, kjærleik og passion. Eg trur på å gjera draumar verkelege. Konseptet «Det indre bryllupet» handler om å hjelpe kvinner til å ta ansvar for sitt eige liv, ikkje berre alle andre sitt. Hjelpe dei tilbake til sitt eige hjarte og til å sjå livet sitt med nye auge, forklarer ho.
– Eg vil vera eit forbilde på å elska seg sjølv- vera tru mot seg sjølv. Vera ei gudinne i eige liv.
Les meir om Belle Amie og Ellen Kristine Kraakenes sine prosjekt her: